Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 47
Pressemelding | Dato: 17.11.2023 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 47, 2023.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 20. november
Utanriksminister Espen Barth Eide er i Brussel for å delta på EØS-rådsmøte. Stad: Brussel, Belgia.
Tysdag 21. november
Kl. 09.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på Equinor sin haustkonferanse. Stad: Det norske teater, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 12.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter leiaren for «Centre for Humanitarian Dialogue» (CHD), David Harland. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 15.15: Utanriksminister Espen Barth Eide møter leiaren for Det internasjonale energibyrået (IEA), Fatih Birol. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 22. november
Kl. 09.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) sin konferanse om klima og tryggleik. Stad: Deichman, Bjørvika, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 24. november
Kl. 13.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter det diplomatiske korps (dei utanlandske ambassadørane i Oslo). Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Fredag 24. november
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på konferansen «Sammen for Fred i Colombia», som er arrangert av Colombiaforum. Stad: Røde Kors konferansesenter, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Tysdag 21. november–25. november
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit møte mellom Canada og dei nordiske landa. Stad: Montreal og Iqaluit, Canada.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Måndag 20. november
Kl. 13.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt held innlegg på konferansen «30 år etter Oslo-avtalen».
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 15.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på eit dialogmøte med fleire sivilsamfunnsorganisasjonar om bistandsreform og menneskerettsforsvararar.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 21. november–24. november
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik er i India. Han skal mellom anna delta på ein næringskonferanse om samarbeidet mellom India og dei nordiske og baltiske landa.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Søndag 26. november
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på opninga av Muscat Mediation Retreat. Stad: Muskat, Oman.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Måndag 20. november
Kl. 13.00: Statssekretær Maria Varteressian har ein telefonsamtale med sin svenske kollega, statssekretær Christian Danielsson.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 22. november
Kl. 10.00: Statssekretær Maria Varteressian og statssekretær i Klima- og miljøverndepartementet Ragnhild Sjoner Syrstad, har eit felles møte med leiaren i Noregs WWF, Karoline Andaur. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 20. november
Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek, saman med statssekretær Kravik og Norad, i eit møte om Noregs vidare arbeid med menneskerettsforsvarar. Dei møter Amnesty International, Den norske Helsingforskomité, Menneskerettighetsfondet, Human Rights House Foundation og Raftostiftelsen. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 23. november
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ein debatt om kva Noreg kan gjere med gjeldskrisa når Kirkens Nødhjelp lanserer ein oppdatert versjon av gjeldsrapporten "A Nordic Initiative to Resolve the New Debt Crisis". Stad: Sentralen, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 19.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær mottar underskrifter frå Utviklingsfondets signaturkampanje «Krev rettferdighet for verdens småbønder» og held innlegg om mattryggleik i samband med at Utviklingsfondet lanserer «Kafferapporten 2023». Stad: Byens Tak, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 24. november
Kl. 16.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek og held opningsinnlegget på «FOKUS – Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål» sitt årlege representantskapsmøte. Stad: Litteraturhuset, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.