Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 47

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 47, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide  

Måndag 18. november

Kl. 15.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med HL-senteret. Stad: Villa Grande, Bygdøy.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 19. november

Kl. 11.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er på Stortinget i samband med behandlinga av dei to stortingsmeldingane om eksportkontroll og atomtryggleik. Han skal òg leggje fram overeinskomstar med andre statar for Stortinget. Stad. Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 17.00: Utanriksminister Espen Barth Eide held ein appell på markeringa av at det er 1000 dagar sidan invasjonen av Ukraina. Stad: Eidsvolls plass, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 22. november–24. november

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på Halifax Security Forum. Stad: Halifax, Canada.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 18. november

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på ein panelsamtale under opninga av «The European Students' Union» sitt møte i Oslo. Stad: Domus Academica, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 21. november

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på opninga av eit seminar om Medevac arrangert av DSB. Stad: Holmenkollen Park, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 22. november

Kl. 09.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson held eit innlegg for FOKUS (Forum for kvinner og utviklingsspørsmål). Stad: Litteraturhuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik 

Måndag 18. november

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på eit møte om den humanitære situasjonen i Sudan. Stad: New York, USA.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 20. november

Kl. 10.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har bilaterale konsultasjonar med Colombia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.45: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter SOS-barnebyer.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 21. november

Kl. 08.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har møte med indiske parlamentarikare. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag-onsdag 18.-20. november

Statssekretær Bjørg Sandkjær vitjar Jamaica saman med HKH Kronpris Haakon og FNs Utviklingsprogram (UNDP). Kronprinsen er goodwill-ambassadør for UNDP og vil under vitjinga møte lokale styresmakter, ungdom og representanter fra ulike samfunnsgrupper for å drøfte utfordringar og løysingar knytt til hav, klima og fattigdom

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.