Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 48

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 48, 2023.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 27. november – onsdag 29. november

Utanriksminister Espen Barth Eide er i Brussel for å delta på Nato sitt utanriksministermøte.

Onsdag 29. november – torsdag 30. november

Utanriksminister Espen Barth Eide er på eit møte i Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE). Stad: Skopje, Nord-Makedonia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 1. desember – måndag 4. desember

Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på klimaforhandlingene i Dubai (COP28). Stad: Dubai, Dei sameinte arabiske emirata.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Tysdag 28. november

Kl. 15.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit digitalt møte i det internasjonale kvinnenettverket «Female Leaders Network».

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 1. desember – søndag 3. desember

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på klimatoppmøtet COP28 i Dubai. Stad: Dubai, Dei sameinte arabiske emirata.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Onsdag 29. november

Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek i ein seremoni i Romania i høve levering av dei første F-16 flya til landet. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Søndag 26. november – tysdag 28. november

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på Muscat Mediation Retreat i Oman.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 30. november 

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på eit virtuelt viseministermøte i Ottawa-gruppa i Verdshandelsorganisasjonen (WTO). 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 1. desember 

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med Roberto Vidal, presidenten for Spesialdomstolen for fred i Colombia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Måndag 27. november – tysdag 28.november

Statssekretær Maria Varteressian er i Brussel. Ho skal mellom anna møte dei ulike EFTA-institusjonane.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 29. november

Kl. 10.00: Statssekretær Maria Varteressian har eit møte med Rederiforbundet. Stad: Rederiforbundet sine lokalar, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 30. november

Kl. 17.00: Statssekretær Maria Varteressian deltek på markeringa i høve Latvia sin nasjonaldag. Stad: Oslo konserthus, Oslo.  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 27. november

Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær innleiar på ein konferanse om Sudan og Sør-Sudan. Stad: Røde Kors konferansesenter, Oslo.    

Onsdag 29. november

Statssekretær Bjørg Sandkjær er i Førde for å delta på Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec), tidlegare Fredskorpset, si 60-årsfeiring.

Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit digitalt innlegg på Verdsbanken si markering av 75-års jubileet for verdsfråsegna om menneskerettane.

Torsdag 30. november

Kl. 09.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit informasjonsmøte om ny garantiordning for relevante deltakarar frå næringsliv, sivilt samfunn med meir. Stad: UD, Oslo.