Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 5

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 5, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Tysdag 30. januar–31. januar

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på konferansen «Arctic Frontiers». Han skal mellom anna halde eit opningsinnlegg og møte sametingspresidenten og den amerikanske senatoren Lisa Murkowski. Stad: Tromsø.

Torsdag 1. februar

Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades i Stortinget i samband med behandlinga av fire representantforslag. Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Tysdag 30. januar

Kl. 13.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter Stortinget sin delegasjon til Nordisk råd. Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 31. januar

Kl. 09.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Måns Molander og Bruno Stagno Ugarte frå menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 1. februar

Kl. 10.15: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek og held eit innlegg på Norad-konferansen 2024. Stad: Sentrum Scene, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 11.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter UNAIDS sin leiar Winifred Karagwa Byanyima. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

 

Statssekretær Maria Varteressian 

Måndag 29. januar–1. februar

Statssekretær Maria Varteressian deltek på konferansen «Arctic Frontiers». Ho skal delta på ei rekkje debattar, samtalar og arrangement om energiomstilling, klima og det grøne skiftet i nordområda, og dessutan gjennomføre samtalar med norske og internasjonale deltakarar. Stad: Tromsø.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 29. januar

Kl. 14.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik er til stades på det ope møte om høyringa av Noreg i FN sitt menneskerettsråd.

Tysdag 30. januar

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har bilaterale konsultasjonar med Oman. Stad: Muscat, Oman.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 31. januar

Kl. 11.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med «Human Rights Watch» (HRW). Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 29. januar

Kl. 12.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær er til stades under eit innspelsmøte med sivilt samfunn i samband med FNs kvinnekommisjon 2024 som finn stad i mars. Stad: Kultur- og likestillingsdepartementet, Grubbegata 1.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 2. februar

Kl. 10.45: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Carlos Manuel Rodriguez, direktør i «Global Environment Facility» (GEF). Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Mamta Murthi, visepresident for «human development» i Verdsbanken. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.