Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 5

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 5, 2025.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 27. januar–28. januar

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på konferansen Arctic Frontiers. Stad: Tromsø, Troms.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 30. januar

Kl. 11.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter OSSE sin representant for mediefridom, Jan Braathu. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Tysdag 28. januar

Kl. 10.00: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim møter dei norske humanitære organisasjonane Caritas, Flyktninghjelpen, Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp, Norges Røde Kors og Redd Barna. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Måndag 27. januar–28. januar

Statssekretær Maria Varteressian deltar på Arctic Frontiers 2025. Stad: Tromsø, Troms.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 30. januar

Kl. 10.00: Statssekretær Maria Varteressian deltar på Europapolitisk forum, arrangert av KS. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Tysdag 28. januar

Kl. 14.30: Statssekretær Andreas M Kravik har eit møte med nestleiaren i UNDESA, Navid Hanif. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 29. januar

Kl. 10.00: Statssekretær Andreas M Kravik møter generalsekretær i Flyktninghjelpa, Jan Egeland. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 15.15: Statssekretær Andreas M Kravik møter den brasilianske visefinansministeren, Rafael Dubeux. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 30. januar

Kl. 13.45: Statssekretær Andreas M Kravik Statssekretær Andreas M Kravik har eit møte med FN sin spesialrapportør for menneskerettar i Afghanistan, Richard Bennett. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 27. januar

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson møter leiaren for den belarusiske foreninga RAZAM, Darya Shut. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 15.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Norges Rederiforbund om støtte til Ukraina. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 31. januar

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit møte om maritim tryggleik saman med statsministeren.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag27. januar–28. januar 

Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på «Africa Energy Summit», eit toppmøte om energi i Afrika, som Tanzania, Den afrikanske union (AU), Afrikabanken (AfDB) og Verdsbanken (WB) arrangerer. Stad: Dar es Salaam, Tanzania.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 31. januar 

Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Atlas-alliansen i samband med konferansen "Global Disability Summit 2025" som finn stad i april. Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Oppdatert fredag 24. januar Kl. 14.48: Det er statssekretær Eivind Vad Petersson som skal møte leiaren for den belarusiske foreninga RAZAM, ikkje utanriksministeren.