Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 50

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 50, 2023.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Espen Barth Eide

Onsdag 6. desember–13. desember

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på klimaforhandlingane i Dubai (COP 28). Stad: Dubai, Dei sameinte arabiske emirata.

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Onsdag 13. desember

Kl. 11.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek digitalt på eit nordisk utanriksministermøte (N5).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 14. desember

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson er til stades på OECD sin konferanse om ansvarleg næringsliv. Stad: Munchmuseet, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 11. desember

Kl. 08.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter menneskerettsorganisasjonane Front Line Defenders, Menneskerettsfondet og PEN America.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek digitalt på eit WTO-ministermøte.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 13. desember

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik er i Genève for å delta på Det globale flyktningforumet. Stad: Genève, Sveits.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Måndag 11. desember

Statssekretær Maria Varteressian deltek på ei mottaking i høve 30 år med diplomatiske forbindelsar mellom Nord-Makedonia og Noreg.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 12. desember–14.desember

Statssekretær Maria Varteressian er i Berlin. Ho skal mellom anna møte sine statssekretærkollegar i det tyske utanriksdepartementet og det tyske økonomi- og klimaministeriet. Stad: Berlin, Tyskland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Tysdag 12. desember

Kl. 08.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit frukostmøte i regi av Kirkens Nødhjelp og ForUM om internasjonale skattespørsmål på Kulturhuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 12. desember

Kl. 15.45: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit digitalt innlegg på «Community of Practice on Poverty and Inequalities» (CoP-PI) sitt årsmøte. Komiteen tilhøyrer Organisasjonen for Økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og arbeider med fattigdom og ulikskap.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 13. desember

Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit digitalt arrangement i regi av Center for Global Development (CGD) for å diskutere framtidige globale helseinitiativ.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 15. desember

Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit digitalt innlegg på International Fund for Agricultural Development (IFAD) sitt givarmøte i Paris, Frankrike.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.