Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 6
Pressemelding | Dato: 02.02.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 6, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 5. februar–6. februar
Utanriksminister Espen Barth Eide besøkjer Beijing og Shanghai for politiske samtalar. Han skal møte utanriksminister Wang Yi og ha samtaler med andre kinesiske myndighetspersoner. Han skal òg møte norsk næringsliv og studentar i Shanghai. Stad: Beijing og Shanghai, Kina.
Onsdag 7. februar–8. februar
Utanriksminister Espen Barth Eide besøkjer Washington D.C. for politiske samtalar. Han skal mellom anna møte utanriksminister Antony Blinken, kongressmedlemmer og ekspertar frå tankesmiemiljøet. Stad: Washington D.C., USA.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Onsdag 7. februar
Kl. 18.30: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim er vert for ein middag for Nordisk råds delegasjon på Stortinget. Stad: Regjeringas representasjonsbustad, Parkveien 45.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 8. februar
Kl. 10.00: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på 25-årsmarkeringa til informasjonstenesta «Info Norden». Stad: Foreningen Norden, Harbitzalléen 24, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Måndag 4. februar–9. februar
Statssekretær Maria Varteressian reiser til Sverige og Finland for politiske samtalar og møter med regionale og lokale styresmakter, næringsliv og forskingsmiljø i Stockholm, Luleå, Uleåborg (Oulu) og Helsingfors. Statssekretæren vil òg treffe representantar for Svenska Samernas Riksförbund i Luleå på den samiske nasjonaldagen 6. februar. Stad: Sverige og Finland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Tysdag 6. februar
Kl. 12.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson opnar romnæringa sin årskonferanse. Stad: Grand hotel, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.