Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 7

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 7, 2025.

.Det kan kome endringar i programTysmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 10. februar

Kl. 11.30: Utanriksminister Espen Barth Eide held eit foredrag på Universitetet i Bergen om dagens utanrikspolitiske utfordringar. Stad: Bergen, Vestland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 11. februar

Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit digitalt møte med dei nordiske utanriksministrane.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 12. februar

Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit digitalt møte med presidenten for Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC), Mirjana Spoljaric Egger.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 13. februar

Kl. 08.00: Utanriksministeren og utviklingsministeren har eit møte med generalsekretærane i Norsk Folkehjelp og Flyktninghjelpen.

Kl. 09.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på ein demokratikonferanse i regi av LO, YS og Unio.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 14. februar–16. februar

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på tryggingskonferansen i München (MSC). Stad: München, Tyskland.

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgivar Ane Haavardsdatter Lunde, 97 67 12 50, e-post: ane.lunde@mfa.no

Utviklingsminister Åsmund Aukrust

Torsdag 13. februar

Kl. 11.15: Utviklingsministeren og utanriksministeren har eit møte med generalsekretærane i Norsk Folkehjelp og Flyktninghjelpen.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 14. februar–16. februar

Utviklingsminister Åsmund Aukrust deltek på tryggingskonferansen i München (MSC). Stad: München, Tyskland.

Pressekontakt kommunikajsonsrådgiver Cecilie Roang, telefon 92 62 81 03, e-post cecilie.roang@mfa.no

Statssekretær Maria Varteressian

Torsdag 13. februar

Kl. 10.45: Statssekretær Maria Varteressian deltek i ein paneldebatt på Oslo Energy Forum. Stad: Holmenkollen Park Hotel, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Torsdag 13. februar

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Norsk Rederiforbund om støtte til Ukraina.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 14. februar–16. februar

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på tryggingskonferansen i München. Stad: München, Tyskland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

 

Oppdartert 11. februar: Lagt inn pressenkontaktar for tryggingskonferansen i München (MSC)

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.