Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 9
Pressemelding | Dato: 23.02.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 9, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 26. februar–29. februar
Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på ministermøte i WTO. Stad: Abu Dhabi, Dei sameinte arabiske emirata.
Fredag 1. mars
Kl. 09.30: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit frukostseminar om G20 si rolle i ei tid med geopolitiske spenningar og kva det betyr for Noreg.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Onsdag 28. februar–1. mars
Statssekretær Maria Varteressian er i Roma for å ha møte med italienske styresmakter, parlamentsmedlemmer, norske næringslivsaktørar og italiensk sivilsamfunn. Ho skal dessutan delta på Arctic Connections-konferansen. Stad: Roma, Italia.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Måndag 26. februar–27.februar
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på opninga av FNs Menneskerettsråd sin 55. sesjon. Stad: Genève, Sveits.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 29. februar
Kl. 08.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik innleiar på konferansen «Africa Outlook 2024». Stad: Næringslivets hus, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.