Utgreiinga frå Rushandhevingsutvalet på høyring
Nyheit | Dato: 24.06.2024 | Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet har i dag sendt NOU 2024: 12 – Handheving av mindre narkotikalovbrot på høyring.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl fekk tysdag 18. juni Rushandhevingsutvalet sin rapport, NOU 2024: 12 – Handheving av mindre narkotikalovbrot. Utvalet har mellom anna sett på verkemidla politiet har til rådigheit for å avdekke bruk og innehaving av narkotika, og korleis politiet betre kan førebygge narkotikabruk.
Regjeringa er oppteken av å ha ein kunnskapsbasert ruspolitikk. Då må dei tiltak som blir sett inn, vera greidde ut og nøye tenkt gjennom. Dette gjeld både dei juridiske vurderingane av strafferettslege og straffeprosessuelle sider ved reforma, men også dei faglege vurderingane av kva som er godt førebyggjande arbeid, og regjeringa ser fram til å få innspel i dette arbeidet.
Kort om forslaga i NOU 2024: 12 – Handheving av mindre narkotikalovbrot
Utvalet foreslår ei ny strafferettsleg regulering av bruk, erverv og innehaving av narkotika til eigen bruk, og ei lovregulering av reaksjonsfastsetjinga i slike saker for personar som har rusmiddellidingar eller som står i fare for å pådra seg slike lidingar.
Utvalet legg også fram forslag til lovendringar som sikrar at forbodet mot bruk, erverv og innehaving av mindre mengder narkotika kan handhevast effektivt av politiet og påtalemakta.
Utvalet foreslår også lovendringar som skal bidra til betre førebygging av narkotikalovbrot, mellom anna gjennom fleire forslag som skal føre til auka bruk av dei kommunale rådgivande einingane for russaker.
Forslaga omfattar også enkelte lovendringar når det gjeld den strafferettslege reguleringa av bruk, erverv og innehaving av dopingmiddel til eigen bruk.
Høyringsfristen er sett til 24. september2024