Utilsikta konsekvensar av endringane i kontantstøtteordninga

Ein utilsikta konsekvens av endringar i kontantstøtteordninga fører til at nokre familiar får utbetalt kontantstøtte, sjølv om barnet byrjar i barnehage same månad. Feilen blir no retta opp av Barne- og familiedepartementet.

Frå 1. august 2024 blei kontantstøtteperioden redusert frå elleve til sju månader. I samband med denne endringa har ei språkleg forenkling av lovverket gitt konsekvensar som ikkje var tilsikta.

Denne feilen inneber at om lag 3 000 personar no kan få utbetaling i ein ekstra månad sjølv om barnet byrjar i barnehage. Desse utbetalingane medfører ein samla meirkostnad på om lag 22,5 millionar kroner i år.

Barne- og familiedepartementet legg opp til å utarbeide ein lovproposisjon i haust med forslag til endringar som rettar opp feilen i kontantstøtteloven, slik at ein ikkje skal få kontantstøtte for same månad barnet byrjar i barnehage.

Feilen i endringane i den nye kontantstøtteordninga blei oppdaga etter at Stortinget vedtok lovendringa i mars. Barne- og familiedepartementet har i dag informert Stortinget om feilen.

Les brevet til Stortinget her.

Førespurnadar frå media kan rettast til Barne- og familiedepartementet på e-post media@bfd.dep.no eller telefon 977 73 634.

Dette er endringa i lovteksten:

Ordlyden i kontantstøttelova § 8 første ledd var slik før endringane tok til å gjelde 1. august:

«Kontantstøtte ytes fra og med kalendermåneden etter at rett til kontantstøtte inntrer, til og med den kalendermåned før rett til kontantstøtte faller bort. Kontantstøtte ytes likevel ikke lenger enn til og med kalendermåneden før barnet fyller 2 år.»

Ordlyden i § 8 første ledd som tok til å gjelde frå 1. august, lyder:

«Kontantstøtte ytes fra og med kalendermåneden retten til kontantstøtte inntrer, til og med kalendermåneden retten til kontantstøtte faller bort. Kontantstøtte ytes likevel ikke lenger enn til og med kalendermåneden barnet fyller 19 måneder.»

I og med at ordet «før» er fjerna frå ny § 8 første ledd, har ein rett til å få kontantstøtte for same månad som ein får barnehageplass.