Utlysing av ringverknadsanalyse av landbruk i distrikta
Nyheit | Dato: 14.10.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet har lyst ut eit oppdrag for å få ein analyse av ringverknader i distrikta.
Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med Kommunal- og distriktsdepartementet lyst ut eit oppdrag på Doffin (Databasar for offentlege nyskaffingar) for å få utført ein analyse av ringverknader av landbruksbasert næring i distrikta i form av verdiskaping, sysselsetting og busetting.
Det er ei tydeleg kopling mellom landbruks- og distriktspolitiske målsettingar. Det kjem særleg til uttrykk gjennom det landbrukspolitiske målet om landbruk i heile landet. Føremålet med oppdraget er å auka kunnskapen om ringverknadene landbruket skapar, med eit særskilt fokus på distriktskommunar.
Det er ønskeleg med ein ringverknadsanalyse på nasjonalt nivå, men der den distriktspolitiske betydinga av landbruket er særskilt belyst (distriktskommunar på sentralitetsnivå 4-6).
Den endelege leveringsfristen for oppdraget er sett til 25. april 2025.
- Du kan lesa heile utlysinga hjå Doffin Analyse av ringvirkninger av landbruksbasert næring i distriktene | Doffin, Database for offentlege anskaffelser