Utnemning av direktør for ny IKT-etat

Roar Olsen (54) har i dag vorte utnemnt i statsråd til direktør i eit åremål på seks år for Forsvarsdepartementets IKT-eining. Den blir etablert som eigen etat frå 1. januar 2025.

- Sikker IKT er heilt avgjerande for å trygge Noreg. Eg er veldig nøgd med å ha fått Roar Olsen til å leie den nye etaten, som blir ein viktig bidragsytar til IKT-sikkerheit i Noreg. Med denne tilsettinga veit eg at sikkerheitsarbeidet vil bli vidareutvikla på ein god måte, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Bilde av Roar Olsen
Roar Olsen har vorte utnemnt i statsråd til direktør i eit åremål på seks år for Forsvarsdepartementets IKT-eining. Foto: SIKT

Roar Olsen kjem frå jobben som direktør i SIKT (Kunnskapssektorens tenesteleverandør). Han har tidlegare vore direktør for Direktoratet for IKT og fellestenester innanfor høgare utdanning og forsking og før dette administrerande direktør i Uninett AS. Han har vidare hatt leiarstillingar i Direktoratet for e-helse, Altinn, Brønnøysundregistrene, Storebrand og Statens Pensjonskasse. Olsen har i tillegg arbeida elleve år i Forsvaret. Olsen har utdanning frå Krigsskolen og ein MBA i strategisk leiing frå Noregs Handelshøgskule.

Forsvarsdepartementets IKT-eining er i dag eit av Noregs fremste fagmiljø på teknologi innanfor graderte informasjonstenester. Eininga leverer Nasjonalt avgrensa nett, og ho vil frå 2025 også levera Nasjonalt hemmeleg nett. Plattformene gjer det mogleg å dele informasjon og kommunikasjon gjennom skrift, tale og video for verksemder underlagt tryggingslova. Einingas tenester knytt i dag saman nasjonens statlege og private aktørar på felles plattformar, og etterspurnaden aukar. Talet på tilsette i eininga har auka betydeleg dei siste åra og er forventa å vere rundt 100 medarbeidarar når den nye etaten etablerast. Eininga er for tida lokalisert i moderne lokale i Havnelageret på Langkaia sentralt i Oslo.

Gjennom etableringa av IKT-eininga som eigen etat ønsker Forsvarsdepartementet å leggja til rette for god strategisk samhandling og utvikling av sikre digitale fellesløysingar for statsforvaltninga, forsvarssektoren og totalforsvaret elles. Den nye etaten vil vera tilbydar og leverandør av sentrale delar av den digitale grunnmuren i Noregs totalforsvar.

Den nye etaten skal gjennom samfunnsoppdraget sitt tilby og vidareutvikle nasjonale fellestenester for gradert samhandling for offentlege og private verksemder underlagt tryggingslova. Tenestene skal støtta opp under kritiske samfunnsfunksjonar og vareta nasjonale tryggingsinteresser i fred, krise og krig.