Utval foreslår endringar i etter- og vidareutdanninga for tilsette i barnehagar og skular

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Dagens etter- og vidareutdanningstilbod i barnehagar og skular treng store endringar for å bli meir framtidsretta, meiner eit utval.

I dag fekk kunnskapsministeren overlevert forslaga frå utvalet.

Betre forankring lokalt, eit godt tilbod til alle tilsette, introduksjonsår for nyutdanna lærarar og nye karrierevegar. Dette er nokre av forslaga frå utvalet som har sett på etter- og vidareutdanning i barnehagar og skular.

– Utvalet foreslår store endringar i måten vi driv etter- og vidareutdanning på i barnehage og skule. Det er viktig at vi får på plass eit meir framtidsretta tilbod, og at vi nyttar ressursane slik at det kjem flest mogleg av dei tilsette til gode. I arbeidet framover vil vi involvere dei som jobbar i skulen og barnehagen, og partane i arbeidslivet. Vi har mange gode og engasjerte lærarar, barnehagelærarar og andre tilsette i barnehagane og skulane våre. Kompetansen dei har er det viktigaste for at barna våre trivst, utviklar seg og lærer, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Utgreiinga går no ut på høyring, slik at partane og sentrale aktørar kan kome med innspel.

Utgreiinga og høyringsinspela vil gi eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med å vurdere korleis eit system for etter- og vidareutdanning skal sjå ut etter 2025, når dagens system går ut.

Betre lokal forankring, tilbod for alle tilsette

Dei siste åra har staten brukt over 1,5 milliardar kroner til vidareutdanning for lærarar, og om lag 200 millionar kroner til vidareutdanning for barnehagelærarar og andre tilsette i barnehagen. Nær 5500 lærarar og 1000 barnehagelærarar har fått tilbod om vidareutdanning i 2022. I tillegg går det til saman om lag 570 millionar kroner årleg til tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling for tilsette i barnehage og skule.

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil styrke kompetansetilbodet for barnehagetilsette og legge til rette for at fleire kan ta fagbrev på jobb. Regjeringa vil også legge til rette for fleire karrierevegar i skulen og erstatte lærarspesialistordninga med ei partsforankra ordning som gir lærarane betre tid til utviklingsarbeid, og som styrker profesjonsfellesskapet i skulen. Regjeringa har allereie sørgt for at fleire lærarar i praktiske og estetiske fag og spesialundervisning har fått tilbod om etter- og vidareutdanning.

Utvalet foreslår desse hovudtiltaka: 

  • Fleire skal få vidareutdanning med like vilkår for deltaking: Utvalet foreslår at lærarar og andre tilsette som jobbar med barn og elevar i barnehagar og skular, skal ha like vilkår for å delta i vidareutdanning. Forslaget vil seie at minst 20 prosent av arbeidstida skal nyttast til å ta vidareutdanning tilsvarande 30 studiepoeng på eit år. Utvalet foreslår vidare å utvikle fleire digitale tilbod og fleire mindre modular på 15 og 7,5 studiepoeng, som gjer det mogleg for fleire å nytte seg av tilbodet, uavhengig av livssituasjon og kor dei bur. Utvalet foreslår og å utvikle fleire vidareutdanningstilbod ved fagskular.

  • Éi felles ordning for barnehage- og skuleutvikling: Utvalet foreslår at ordningane for lokal kompetanseutvikling, det vi seie etterutdanning, blir slegne saman til éi felles ordning. Det er tale om desse ordningane: Regional ordning for kompetanse­utvikling for barnehage, desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen, kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande fellesskap og ordninga for fag- og yrkesopplæring. Desse endringane skal leggje betre til rette for langsiktig og føreseieleg planlegging av prosjekt og tiltak, og for betre å møte lokale behov i barnehagar og skular.

  • Rett til eit introduksjonsår for nyutdanna lærarar i barnehage og skule. Nyutdanna bør få god oppfølging det første året. Dei bør få rettleiing frå erfarne kollegaer, samtidig som dei også får delta i faglege nettverk og får bidra i kompetanseutviklinga på arbeidsplassen. Utvalet foreslår at den nyutdanna læraren får bruke 10 prosent av arbeidstida til dette.

  • Innføre fire karrierevegar i barnehage og skule: 1) barnehage- og skuleutvikling 2) forsking og partnarskap, 3) inkluderande praksis og 4) leiing. Utvalet tilrår at karrierevegane blir knytt til vidareutdanning og at minimum 20 prosent av arbeidstida skal nyttast til oppgåver til karrierevegen. Formålet med karrierevegane er å gi lærarar og andre tilsette gode høve for spesialisert kompetanse og roller med utvida ansvar, for å utvikle profesjonelle fellesskap i barnehage og skule.

Sølvi Mausethagen var utvalsleiar. Utvalet vart oppnemt hausten 2021.

Mandatet var å sjå på korleis ein kan bruke ressursane til etter- og vidareutdanning på ein mest mogleg effektiv måte, og foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanning for alle tilsette i barnehage og skule.

Les rapporten frå utvalet.