Utval foreslår ny lov for bustadutleige

Husleigelovutvalet leverte i dag sin sluttrapport til kommunal- og distriktsminister Erling Sande. Utvalet foreslår ei ny bustadleigelov.

– Leigemarknaden har over mange år fått for lite merksemd, og vi har no fått eit solid grunnlag for å fornye husleigelova. Eg skal sette meg grundig inn i rapporten, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Ei vurdering av endringar i husleigelova er eit av fleire tiltak som regjeringa har sett i gang for å betre forholda i leigemarknaden. Husleigelova er ei viktig lov for rundt ein million leigetakarar, og for dei som leiger ut.

– Dette er reglar som vil gjelde mange ein eller fleire gonger i livet, anten som leigetakar eller utleigar. Lova må derfor både sikre folks rettar òg vere enkel å forstå, seier Sande.

Utvalet leverte ein delrapport i januar, med forslag til endringar i reglane om kontraktslengde og oppseiingsvern i husleigelova. Utvalet har no lagt frem sin hovudrapport, der delrapporten òg er innarbeida. Utvalet foreslår ei ny bustadleigelov, med blant anna nye reglar om krav til bustaden, leigaren sin rett til privatliv, reklamasjon og tilpassing av bustaden. 

Rapporten blir no sendt på høyring. Departementet vil parallelt med høyringa starte arbeidet med eit lovforslag.

– Både vi – og høyringsinstansane – treng å sjå vurderingane i heilskap og forslaga frå utvalet i samanheng. Dette for å kunne gi Stortinget eit grundig utgreidd lovforslag, seier Sande.