Utval skal gå gjennom reisegarantisystemet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 10.03.2021
Reisegarantisystemet vi har i dag, har fleire svakheiter. No set regjeringa ned eit ekspertutval som skal gå gjennom systemet og føreslå endringar.
Ekspertutvalet skal vurdere alternative modellar for reisegarantisystem, og føreslå den modellen som best handterer krav frå reisande, og som gir dei lågaste samfunnsøkonomiske kostnadene.
– Vi set ned eit reisegarantiutval fordi innretninga på reisegarantiordninga i dag har vist seg å ha fleire svakheiter. Dei næringsdrivande opplever systemet som kostbart, og det er usikkert om ordninga er god nok dersom ein større pakkereisearrangør går konkurs i høgsesongen, seier forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Under koronapandemien har også utfordringane for pakkereisearrangørane blitt veldig synlege. Nærast over natta blei marknaden for pakkereiser borte, og det blei vanskeleg for mange arrangørar å innfri dei lovfesta krava om å stille reisegaranti.
– Reisegarantisystemet har vore uendra i om lag 20 år. Eg meiner derfor det er på tide at vi går gjennom systemet på nytt, og får uavhengige ekspertar innanfor forsikring, jus og økonomi til å gjere dette, seier Ropstad.
Målet er å få fram ein robust modell for reisegaranti. Systemet skal sikre interessene til forbrukarane og rettane dei har etter pakkereisedirektivet, samstundes som vi ser på konsekvensane for dei næringsdrivande.
Utvalet skal levere tilrådinga si innan utgangen av oktober 2021.
Reisegarantiutvalet har desse medlemmene:
- Trygve Bergsåker (utvalsleiar), professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo
- Haakon Vennemo, professor II i økonomi ved OsloMet og dagleg leiar i Vista Analyse
- Bård Støve, professor i statistikk ved Universitetet i Bergen
- Linda Mulehamn, aktuar og direktør for analyse i Codan forsikring
- Hanne Zimmer, partnar ved advokatkontoret Wikborg og Rein