Utval skal gjennomgå kommersiell drift av velferdstenester

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa har oppnemnd eit offentleg utval som skal greie ut korleis kommersiell drift kan utfasast i ulike skattefinansierte velferdstenester. Tor Saglie, tidlegare departementsråd i Justisdepartementet, skal leie utvalet.

09.03.2023: Oppdatert med kongelig resolusjon og vedlegg 1(mandat).

- Eg er svært nøgd med at vi no har fått på plass eit breitt samansett utval med relevant kompetanse og erfaring, og med representantar  frå ulike delar av landet. Det er eit viktig arbeid utvalet skal utføre, seier kommunal og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Utvalet skal levere utgreiinga si i form av ein NOU til Kommunal- og distriktsdepartementet innan 20. juni 2024. Utvalet skal i tillegg levere ein delrapport med framlegg om juridisk definisjon av ideelle verksemder.

- Dei offentlege velferdstenestene i Noreg er bygd opp med skattefinansiering og folkevald kontroll for å gi befolkninga lik tilgang og eit godt tilbod av grunnleggjande tenester innan helse, utdanning og omsorg. Legitimiteten til den norske velferdsmodellen kviler på at skattepengane kjem fellesskapet til gode i form av gode velferdsytingar til innbyggjarane, og ikkje endar opp hos store kommersielle eigarar, seier Gjelsvik.

Breitt samansett utval

Utvalet har 13 medlemmer med ein variert fag og erfaringsbakgrunn. Fylgjande personar er no oppnemnd:

  • Tor Saglie (utvalsleiar), tidlegare departementsråd i Justisdepartementet og NAV-direktør
  • Eli Blakstad, direktør for helse, sosial, barnehage, opplæring, barnevern og familie, Statsforvaltaren i Innlandet
  • Gøril Bjerkan, økonom og jurist (PhD), rådgjevar samfunnspolitisk avdeling i LO
  • Hogne Eidissen, kommunedirektør i Senja kommune
  • Ingunn Tollisen Ellingsen, professor ved det samfunnsvitenskapelige fakultet i Stavanger, leiar av nettverk for velferdsforskning
  • Ragnhild Finden, styreleiar og eigar av Kausvol gardsbarnehage AS og nestleiar i Private barnehagers Landsforbund.
  • Linn Herning, dagleg leiar i alliansen For velferdsstaten
  • Benjamin Endre Larsen, HR-direktør ved Diakonhjemmet Omsorg AS
  • Marie Nygren, jurist og spesialrådgjevar i Oslo kommune i Byrådsavdeling for helse, eldre og innbyggjartenester
  • Karl Henrik Sivesind, Dr.polit. i sosiologi, forskar 1 ved Institutt for samfunnsforskning
  • Marta Szebehely, professor emeritus i sosialt arbeid, Stockholms universitet
  • Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde, tidligere kommunedirektør i Høyanger
  • Nils-Ola Widme, jurist, næringspolitisk direktør i NHO

Mandatet for utvalet

Utvalet er beden om å greie ut ulike alternativ, etter tre hovudmodellar: 1) tenestene vert gjennomførte i offentleg eigenregi, 2) tenestene vert overtekne av private ideelle aktørar, eller i ei blanding av offentleg eigenregi og ideell drift, til dømes at ved at kjernekapasiteten i ein sektor er offentleg, men supplert av langsiktige samarbeid med ideelle aktørar.  I tillegg til å utgreie desse alternativa skal utvalet som eit tredje alternativ også  greie ut moglegheiter for framleis innslag av kommersielle aktørar med utgangspunkt i ei strengare regulering av verksemda deira enn i dag.

Utvalet skal særleg vurdere følgjande sektorområder:

  • barnehagar
  • skular (grunnskular og vidaregående skular)
  • barnevern
  • eldreomsorg (både i institusjon og heimebaserte tenester)
  • spesialisthelsetenester, mellom anna innan rus, psykiatri, habilitering, rehabilitering, kirurgi
  • asyl- og flyktningmottak
  • arbeidsmarknadstiltak