Utvalsmedlemmer om vern i varehandelen utnemnd

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her er medlemmene i utvalet som skal vurdere tiltak for å styrkje vernet mot natt- og åleinearbeid for arbeidstakarar i varehandelen.

Leiar:

Ingrid Finboe Svendsen, direktør for Thomas Angells stiftingar, tidlegare direktør for Arbeidstilsynet (Trondheim). 

Medlemmer:

Christopher Ray Beckham, forbundsleiar i HK Norge (Bergen).

Trond Vegard Sæle, 2. nestleiar i Negotia (Sandefjord).

Sigbjørn Mygland, direktør forhandling og tariff i NHO Service og Handel (Oslo).

Astrid Flesland, fungerande leiar tariff i Virke (Oslo).

Fagekspert:

Martine Pedersen, Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) (Oslo).

Sekretariatet frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil bli leia av avdelingsdirektør Torkel Sandegren. Fagdirektør Reinert Leirvik, seniorrådgjevar Kine Moland Brox og seniorrådgjevar Ingvild Heimland Henni vil delta i sekretariatet. Barne- og familiedepartementet skal hjelpe til i arbeidet.

Formålet med utvalet er ikkje å behandle opningstidsbestemmingar, men å vurdere situasjonen for arbeidstakarane i lys av risiko for til dømes arbeidsmiljø og helse ved natt- og åleinearbeid.

Utvalet skal vurdere om det er behov for endringar i regelverk eller andre tiltak for å styrkje vernet til arbeidstakarane og leggje fram forslag i samsvar med dette.

Utvalet er ei oppfølging av eit vedtak i Stortinget. Det skal byrje arbeidet i næraste framtid.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.