Tvinnereim besøkjer India
Pressemelding | Dato: 09.11.2023 | Utanriksdepartementet
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim reiser til New Delhi og Amritsar, 14. - 17. november.
Tvinnereim vil sjå på resultat av norske satsingar, som klimainvesteringar, samarbeid innan sirkulærøkonomi, digitale fellesgode og helse.
– India har mykje å seie for å oppnå dei globale berekrafts- og klimamåla. Landet er den femte største økonomien i verda, og saman kan vi bidra med kunnskap og teknologi for å løyse utfordringane rundt klima, miljø og ressursar, seier Tvinnereim.
Noreg er ein langvarig og påliteleg partnar for Indias berekraftige utvikling og det grøne skiftet.
I New Delhi skal Tvinnereim ha politiske samtalar, møte lokale representantar for FN, lære meir om avfallshandtering ved Center for Science and Environment (CSE) og besøkje nyføddavdelinga ved Lady Hardinge-sjukehuset som samarbeider med Oslo universitetssjukehus (OUS). Samarbeidet mellom sjukehusa er eit resultat av Norec-programmet som starta i 2016, og har vore avgjerande for å redusere barnedødelegheita ved sjukehusa som er involverte i programmet i India.
I storbyen Amritsar i Punjab skal Tvinnereim besøket eit biomassanlegg, der norske Norfund er ein sentral investor. Ho skal òg besøkje lokale småskalabønder, og sjå eit senter for løysingar for digital offentleg infrastruktur.
Pressekontakt: Ragnhild H. Simenstad, telefon 91 71 74 59, rhs@mfa.no (med på reisa).