Presseinformasjon

Utviklingsministeren til høgnivåmøte om klimatilpassing i Afrika

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Det globale senteret for klimatilpassing (GCA) arrangerer 5. september 2022 høgnivåmøtet «Africa Adaptation Summit» i Rotterdam. Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek.

Føremålet med møtet er å bidra til at klimatilpassing i Afrika skal bli eit hovudtema på klimakonferansen COP27 i Egypt og at den internasjonale støtta til klimatilpassing kan aukast i samsvar med forpliktingane inngått under COP26 i Glasgow.

Møtet vert skipa til i samarbeid med Den afrikanske unionen (AU), Afrikabanken (AfDB), Det internasjonale pengefondet (IMF) og Forumet for dei mest sårbare landa (CVF). 35 høgnivårepresentantar, blant dei fleire afrikanske statsleiarar, er påmeldt til møtet så langt.

Utviklingsministeren deltek i det rådgjevande styret for GCA som vert leia av tidlegare FN-generalsekretær Ban Ki-moon. Noreg har støtta GCA med 125 millionar kroner over tre år.

Pressekontakt (med på reisa): Kommunikasjonsrådgjevar Jens Christian Boysen, e-post: jens.christian.boysen@mfa.no, mobil: 94 98 20 99.