Utviklingsministeren til African Climate Summit
Pressemelding | Dato: 04.09.2023 | Utanriksdepartementet
Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på African Climate Summit (ACS) i Nairobi, Kenya 4.-6. september.
Møtet er eit globalt klimatoppmøte arrangert av Kenya, Den afrikanske unionen og Den afrikanske utviklingsbanken. Det er forventa 18 000 deltakarar til ACS, derav over 30 statsleiarar, i tillegg til USAs klimautsending John Kerry og EUs Ursula von der Leyen.
Pressekontakt: Ane Elise Jørem, ane.elise.jorem@mfa.no, +47 97 79 6246 (med på reisa).