Utviklingsministeren til humanitært toppmøte om Gaza
Nyheit | Dato: 07.06.2024 | Utanriksdepartementet
Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim besøker Jordan 10. og 11. juni.
Tysdag 11. juni skal ministeren delta på eit toppmøte om dei humanitære behova i Gaza og kva det internasjonale samfunnet må gjere for å møte desse behova. Det er kong Abdullah av Jordan, president Sisi frå Egypt og FN sin generalsekretær Guterres som er vertsskap for møtet.
– Etter åtte månader med krig er situasjonens i Gaza katastrofal, befolkninga manglar alt. Noreg bidrar med store ressursar til det humanitære arbeidet. Det er viktig for oss at den livsviktige hjelpa når fram til dei er hardast råka av krigen og at mykje meir hjelp sleppast inn i Gaza, seier utviklingsministeren.
Måndag 10. juni skal Tvinnereim møte palestinske og syriske flyktningar som bur i Jordan. Ho vil og møte den jordanske planleggingsministeren og representantar for FN og fleire andre humanitære organisasjonar som arbeidar i Jordan.
Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg, guri.solberg@mfa.no, +47 92 21 9769 (med på reisa).