Presseinformasjon

Utviklingsministereren til Tanzania

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Energi, klima, naturressursar, mattryggleik og berekraftig utvikling i landbrukssektoren er tema når utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim vitjer Tanzania 6.-8. september.

Tanzania er eit viktig partnerland for Noreg. Landet har høg økonomisk vekst, og sjølv om det bilaterale forholdet historisk har vore prega av bistand har Noreg i dag eit omfattande samarbeid med Tanzania om mellom anna energi, naturressursar og næringsutvikling.

Besøket vil dekkje fleire viktige tema for norsk utviklingssamarbeid i regionen og støtte opp under oppfølginga av FN-berekraftsmåla. Det vil leggjast særleg vekt på utfordringane som klimaendringar fører med seg for mattryggleik og berekraftig utvikling i landbrukssektoren i Tanzania.

Utviklingsministeren møter president Samia Suluhu Hassan, utanriksminister Liberate Mulamula, minister for miljø- og unionssaker Dr. Selemani Said Jafo, landbruksminister Hussein Bashe og energiminister January Makamba.

Ho vil og møte representantar for FN-organisasjonane og frå landbruks- og energisektoren. Eit feltbesøk finn stad 7. september til eit prosjekt for fattigdomsreduksjon aust for hovudstaden Dodoma.

Pressekontakt (med på reisa): Kommunikasjonsrådgjevar Jens Christian Boysen, e-post: jens.christian.boysen@mfa.no, mobil: 94 98 20 99.