Utviklingspolitisk utgreiing til Stortinget

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim held si utgreiing om utviklingspolitikk for Stortinget 14. november 2024.

(Sjekkast mot framføringa)

President.

Ei julinatt i fjor, over Odesa i Ukraina, skar dronar og kryssarrakettar gjennom nattehimmelen. Det ukrainske luftforsvaret skrei til verks, og nøytraliserte det meste av angrepet, men nokre av rakettane fann måla sine. Desse rakettane var ikkje sende for å ta ut militærbasar, landingsstriper eller ammunisjonslager. Rundt Odesa og i hamna eksploderte det i lastekraner, lagerbygg og kornsiloar. 60 000 tonn med korn brann gjennom natta den 19. juli i fjor.

I dag er det ingen teikn til at Russland har endra målsetjingane med sin ulovlege krig. Dei ønskjer framleis full politisk kontroll over landet og å tvinge Ukraina til forhandlingsbordet. Dei ønskjer å ramme den viktige korneksporten. Krigen skaper frykt og påverkar verdsøkonomien. Land og heile regionar blir destabiliserte. Millionar av menneske verda over blir drivne ut i svolt.

President, eg startar denne forklaringa med kornsiloane i Odesa fordi det illustrerer korleis ein krig i Europa har endra rammevilkåra for norsk utviklingspolitikk. For det første har Russlands krigføring svekt sosial og økonomisk utvikling i mange av dei fattigaste landa i verda. For det andre har stormaktsrivalisering og geopolitikk auka mistilliten og polariseringa, og gjort det vanskelegare å samarbeide om internasjonal utvikling. For det tredje har krigen tvinga fram nye prioriteringar både her og i andre vestlege land.

Eg vil samanfatte endringane slik, President: utviklingspolitikken har blitt stadig tettare samanvoven med resten av utanrikspolitikken og tryggingspolitikken. Det gir oss nye utfordringar og dilemma når vi skal manøvrere. For Noreg, som er ein stor aktør i internasjonal utviklingspolitikk, gir det òg nokre moglegheiter.

Utviklingspolitikken har blitt tema i nye samanhengar og nye forum. Tryggingskonferansen i München ser mattryggleik som ein integrert del av tryggingspolitikken. Finansministrane i det mektigaste landa i verda i G20 diskuterer internasjonal finansieringsarkitektur. Og Noreg er ein relevant deltakar rundt bordet.

Utviklingspolitikk er ikkje noko vi driv med for å stå fram som gode menneske. Utviklingspolitikk er ikkje velgjerd. Også utviklingspolitikk er interessepolitikk. Det er i vår interesse å føre ein politikk for at verda heng saman i saumane. Det er i vår interesse at verda er stabil og regelstyrt, og at respekt for folkeretten og menneskerettane pregar internasjonalt samkvem.

President. Frå byrjinga av 2000-talet og fram til 2013 gjekk talet som lever i ekstrem fattigdom i verda ned med 75 millionar i året i gjennomsnitt. Med pandemien kom eit kraftig tilbakeslag. Beskrivinga er teken frå Norads ferske rapport om status på fattigdommen i verda. Optimismen frå tusenårsmåla og berekraftsmåla er snudd til pessimisme.

Pandemien, og deretter Russlands angrepskrig mot Ukraina, har òg skapt ei djup global tillitskrise. Skeivfordeling av vaksinar, og vestlege land sine fokus og prioriteringar, har provosert mange utviklingsland. Dette har mellom anna Russland utnytta til å skape falske narrativ, til å knyte nye alliansar og auke polariseringa. Dette bør bekymre oss, President. Både fordi aggressorstaten Russland vinn fram med løgnene sine, men òg fordi mangel på tillit gjer det vanskelegare å løyse dei store utfordringane som verda må løyse i felleskap.

Ulikskapane i verda har blitt større. Gjeldsnivået til mange låginntektsland er uhandterleg. Svolten har auka. Det er fleire valdelege konfliktar enn på lenge. Aukande flyktningstraumar.

Vi ser fleire autoritære regime og tilbakegang for demokratiet. Likestillinga møter motbør. Folkerett og liberale verdiar er under press. Effektane av global oppvarming rammar dei fattigaste landa hardast.

I denne situasjonen treng verda meir samarbeid, ikkje mindre. Då er utviklingspolitikken eit verktøy. Ved å vere ein god og langsiktig utviklingspartnar for mange afrikanske land, for Brasil, Indonesia og andre i det “globale sør”, er Noreg i ein betre posisjon til å byggje bruer. Vi kan skape breiare forståing for våre interesser, respekt for folkeretten og FN-pakta.

President. Russlands krig har fått store konsekvensar for utviklingspolitikken nasjonalt og globalt. Ukraina har blitt den største mottakaren av hjelp frå OECD-land - og frå Noreg. Regjeringa foreslår å forlengje Nansen-programmet med tre år, og at den samla ramma for Nansen-programmet blir auka frå 75 milliardar kroner til rundt 135 milliardar kroner i perioden 2023-2030.

Det er sjølvsagt at vi stiller opp når eit europeisk land blir angripe. Ukraina er klassifisert som eit utviklingsland og kvalifiserer til å få offisiell utviklingsbistand (ODA). Målet med den sivile innsatsen i Nansen-programmet er først og fremst å styrkje Ukraina i kampen for fridommen sin. Mykje av innsatsen er den same som i andre land: å støtte demokratiske institusjonar, rettsstaten, frie medium og sivilsamfunnet; sikre kritiske velferdstenester og infrastruktur. I tillegg er vi blant dei største humanitære bidragsytarane til Ukraina. Med norsk hjelp står ukrainarane betre rusta til å klare seg gjennom endå ein hard vinter. Ukraina har ikkje endra måla eller prinsippa for norsk hjelp.

President. Verda er større enn Europa. Hamas sitt terrorangrep på Israel og Israel si krigføring i Gaza og i Libanon skakar oss alle. Angrepa og avgrensingane på den humanitære tilgangen i Gaza har skapt ein katastrofal situasjon for sivilbefolkninga. Valden på Vestbreidda har òg eskalert. Palestinske styresmakter slit med å overleve finansielt. Noreg har bidrege med betydeleg humanitær støtte til Gaza, og vi har jobba diplomatisk for tilgang for nødhjelp og hjelpearbeidarar. Bodskapane våre til partane i konflikten har vore klare: Folkeretten må etterlevast. Hjelpearbeidarar og sivilbefolkninga må vernast, og dei må få tilgang til den humanitære hjelpa dei har krav på. Livsnødvendig infrastruktur som sjukehus, vatn og matsystem må skånast i angrepa. Noreg held oppe, og har auka, støtta til FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) på eit tidspunkt der organisasjonen og dei tilsette er utsette for massivt israelsk press.

Når kamphandlingane tek slutt og ei politisk løysing er etablerte, vil det vere stort behov for å bidra i gjenoppbyggingsarbeidet. På sikt kan det ikkje bli varig fred i Midtausten utan ei tostatsløysing. Regjeringa vil derfor halde fram med å støtte oppbygging av palestinske statsinstitusjonar for å styrkje rammevilkåra for ein levedyktig palestinsk stat.

Ein av vår tids største humanitære katastrofar er knapt i media sitt søkjelys. I Sudan svelt no fleire enn 26 millionar menneske. I august blei det stadfesta hungersnød i delar av Darfur. Det er første gong på sju år at FN påviser hungersnød. Likevel slepper ikkje partane i konflikten hjelpa fram. Noregs diplomatiske engasjement for humanitær tilgang i Sudan er stor. I tillegg har vi dobla støtta frå det vi lova på givarmøtet for Sudan i april.

Også i Sudan ser vi at svolt blir brukt som våpen. Dette er menneskeskapte kriser der hjelp aktivt blir forhindra frå å komme fram. Det er uakseptabelt.

Sjølv dei mest brutale krigane har reglar, og dei reglane skal følgjast. Dette står i sterk kontrast til det vi er vitne til i fleire av konfliktar i dag. Partar til konfliktar bryt folkeretten. Verdssamfunnet elles bidreg til å undergrave og svekkje respekten for folkeretten viss vi ikkje er krystallklare på at reglane gjeld for alle krigførande partar, overalt. Derfor er Noreg tydelege i fordømminga vår av brot på folkeretten i Ukraina, i Gaza, i Sudan og andre konfliktar. Noreg skal ikkje kunne skuldast for dobbeltmoral når vi påpeikar brot på humanitærretten. På same måte vil eg minne om at verda følgjer nøye med på kva vi bidreg med av bistand utanfor Europa. Denne balansegangen er krevjande, men vi må ikkje miste han av syne.

President. Eg må nemne valet i USA. USA står for ein firedel av all offisiell utviklingsbistand i verda. Endringar i amerikansk politikk og bistand vil derfor ha mykje å seie. Den førre Trump-administrasjonen gjennomførte omfattande endringar, særleg knytt til klima og seksuell og reproduktiv helse og rettar. Vi er ikkje tente med å forskotere politikken til den nye administrasjonen, men vi må nøye vurdere både konsekvensane av endra amerikansk politikk og kva område som peikar seg ut for å føre vidare det gode samarbeidet vi har hatt med USA på mange utviklingspolitiske tema.

President. Eg sa at bistand ikkje er velgjerd. Målet med bistand er å gjere den overflødig. Regjeringa vil at norsk hjelp skal bidra til at land kan skape verdiar frå eigne ressursar, i eigne verdikjeder. Det har vi prioritert i den nye Afrikastrategien vi lanserte i vår. Det afrikanske kontinentet hadde liten tilgang til vaksinar og medisinsk utstyr då covid trefte. Noreg var raskt ute med å støtte eit program for utvikling av mRNA-vaksiner og teknologioverføring i Sør-Afrika.

Gjennom vaksinealliansen Gavi har Noreg løyvd 274 millionar kroner til arbeid med afrikansk vaksineproduksjon. Vi deltek no i arbeidet i G20 med å etablere ein allianse for lokal og regional produksjon av vaksinar.

Eit anna døme er matproduksjon. Den afrikanske utviklingsbanken reknar med at afrikanske land kjem til å importere mat for over 1200 mrd. kroner kvart år frå 2025. Dette er mat dei kan produsere eller hauste sjølv, og som kunne gi arbeidsplassar og verdiskaping på vegen frå matprodusent til forbrukar. Og det er nettopp det afrikanske statsleiarar gjentek til meg at dei ønskjer: kapasitetsutvikling og investeringar i eigen matsuverenitet.

Det er snart to år sidan vi lanserte strategien vår for mattryggleik i utviklingspolitikken. På klimatoppmøtet i fjor (COP28) blei mattryggleik vigd særleg merksemd gjennom ei erklæring om klima, landbruk og mattryggleik. Noreg deltek aktivt i arbeidet under klimakonvensjonen som skal bidra til mattryggleik, klimatilpassing og utsleppsreduksjon i landbruket og matsystema. G20 har under Brasils formannskap løfta svolt og kamp mot fattigdom som ei hovudprioritering. Noreg bidreg aktivt i etableringa av Den globale alliansen mot svolt og fattigdom som blir lansert under G20-toppmøtet neste veke. Auken av bidraga våre til FNs organisasjon for ernæring og landbruk har gitt tusenvis av menneske tilgang til såkorn. Og gjennom vårt oppskalerte samarbeid med FNs matvareprogram bidreg vi no til at mange barn i Afrika no får skulemat.

Kunnskapsbasert og berekraftig forvaltning av ressursane i havet står sentralt i norsk utviklingspolitikk. Leiing av det internasjonale havpanelet og arbeidet for ein global avtale mot plastforureining er viktig her. Bistandsinnsatsen mot plastforureining blir vidareført med inntil éin milliard kroner i perioden 2025-28.

President. Under klimatoppmøtet i Glasgow blei landa i verda samde om at vi må forsterke innsatsen for å nå 1,5-graders-målet. Noreg lova òg å doble norsk klimafinansiering til 14 mrd. kroner årleg innan 2026. Regjeringa er stolt av at vi nådde dette nivået før tida - allereie i 2022. Som utviklingsminister ser eg at dette er den klart viktigaste prioriteringa til mange utviklingsland og små øystatar. For menneska i desse landa er klimaendringane allereie eit eksistensielt spørsmål. Derfor har Noreg det siste året auka støtta til tilpassing, og ho må aukast vidare for å oppfylle forpliktinga vår frå Glasgow. Dette handlar mellom anna om varslingssystem, frå måling av vêrobservasjonar til formidling av vêrvarsel og førebygging av skadar forårsaka av ekstremvêr. Regjeringa prioriterer òg støtte til klimasmart matproduksjon. Det er fattige småbønder verda over som står i førstelinja når klimaendringane treffer. Med rett agronomi og teknologi, tilpassa såfrø og forbetra jordhelse kan vi auke mattryggleiken til småbøndene, sikre inntekta og redusere sårbarheita ved ekstremvêr.

Vi ser no stor framgang og politisk momentum for å bevare regnskogen. Brasil reduserte avskoginga i Amazonas med to tredelar i løpet av Lulas første 18 månader som president. Indonesia har redusert avskoginga dramatisk dei siste åra til dei lågaste nivåa på 20 år. Og Colombia rapporterte i fjor den lågaste avskoginga på 23 år. Klima- og skoginitiativet til regjeringa har vore ein viktig støttespelar i dette arbeidet. Regjeringa vil forlengje Klima- og skoginitiativet til 2035. Noreg skal òg bidra til at Naturavtalen lykkast, og vi har annonsert 150 millionar kroner til det globale biodiversitetfondet (GBFF).

President. På klimaforhandlingane i fjor, COP28, blei verda samd om ambisiøse globale mål for energiomstilling og energitilgang. Det blir gjort mykje i vår del av verda, men berre to prosent av dei årlege energiinvesteringane skjer i Afrika. 600 millionar afrikanarar manglar tilgang til elektrisitet, og éin milliard har ikkje tilgang til reine løysingar for matlaging. Investeringane må aukast betydeleg, særleg i dei fattigaste landa. Fornybar energi er ein hovudprioritet i utviklingssamarbeidet. Mesteparten av den målretta innsatsen går til tiltak i Afrika sør for Sahara, og støttar opp om arbeidet som blir gjort for å få bukt med energifattigdom gjennom initiativ som Global Energy Alliance for People and Planet (GEAPP).

Gjennom Noregs Klimainvesteringsfond, som Norfund forvaltar, bidreg vi til å redusere eller unngå klimagassutslepp ved å finansiere utbygging av fornybar energi i utviklingsland. Klimainvesteringsfondet har store ambisjonar. Sidan oppstart har det gjort vellykka investeringar. Tilgang til fornybar energi har auka og utslepp har vore unngått. Det er estimert at investeringane til Klimainvesteringsfondet i fjor bidrog til å forhindre utslepp tilsvarande 1/6 av totale norske utslepp.

Bistand blir i midlertidig marginale summar samanlikna med dei enorme investeringane som er nødvendige for no berekraftsmåla. Mobilisering av privat kapital er avgjerande for å nå klimamåla til verda og for å få fart på grøn omstilling, også i utviklingsland. Garantiordninga til staten for auka investeringar i fornybar energi i utviklingsland skal bidra til dette. Garantiordninga er eit nytt verktøy for å utløyse meir privat kapital i kampen mot fattigdom og klimaendringar. Utlysinga blir offentleggjord i morgon. Dei første garantiane skal etter planen ferdast ut i første halvår 2025.

Vi må òg stimulere private investeringar for auka verdiskaping og sysselsetjing. Noreg støttar til dømes oppstart av lokale selskap i Afrika. Det bidreg til nye løysingar på så ulike område som kostnadsfrie pengeoverføringar, produksjon av protein frå insekt, og verdikjeder for å kople tusenvis av kyllingprodusentar til fôrleverandørar og marknader.

President. Kampen mot ulikskap er ein hovudprioritet for denne regjeringa, både nasjonalt og internasjonalt.

Skatt står øvst på dagsordenen vår i G20, i Inclusive Framework (IF), Global Forum on Transparency and Exchange of Information for Tax Purposes (GF), i OECD og langs fleire spor i FN. Vi arbeider for at FN og OECD skal styrkje og komplementere kvarandre. Vi meiner at arbeid med skattespørsmål i FN er tent med å byggje vidare på det faglege arbeidet som skjer i OECD, i IF og GF. I FN har alle land éi røyst – noko som vil gi brei legitimitet til arbeidet. Som eit ledd i den internasjonale kampen mot ulikskap har vi fremja forslag om at FN i arbeidet med ein rammekonvensjon om internasjonalt skattesamarbeid mellom anna kan bidra på område som miljøskattlegging og tiltak for å sikre at ultrarike personar blir skattlagde i samsvar med skattereglane til medlemslanda.

Ulovleg kapitalflyt er ei stor utfordring på globalt nivå og rammar utviklingsland særleg hardt. Korrupsjon, bestikkingar, skattesvik og andre ulovlege finansstraumar kostar utviklingsland om lag 1260 milliardar dollar per år i samsvar med World Economic Forum. Nasjonal og internasjonal innsats må verke saman om vi skal lykkast i kampen mot skattesvik og  -omgåing.

Ein del av arbeidet vårt med reform av det multilaterale systemet handlar om å flytte makt. Utviklingsland vil ha ein større plass rundt bordet, og det med rette. Dette var eit sentralt tema på FNs Framtidstoppmøte i haust. Toppmøtet vedtok Framtidspakta, ein dagsorden for å nå berekraftsmåla og som skal gjere det multilaterale systemet meir inkluderande, representativt og effektivt. Noreg støttar auka innverknad særleg for afrikanske låginntektsland.

Noreg støttar òg ein auke av talet både valde og faste medlemmer i Tryggingsrådet. Det vil reflektere dei globale politiske og økonomiske realitetane betre, og sikre auka representasjon. Ikkje minst for Afrika.

Noreg har forankra bistanden vår i prinsipp utvikla av OECDs utviklingskomité, som har 32 medlemmer. I dag ser vi nye aktørar som investerer store ressursar i utviklingssamarbeid, inkludert land som Kina, India, SaudiArabia, Tyrkia og FAE. Det er viktig at stadig fleire aktørar, også statar, bidreg. Dette er eit prinsipp Noreg fremjar offensivt mellom anna i klimaforhandlingane – alle må bidra. Samtidig bidreg aktørmangfaldet til at rammevilkåra for norsk hjelp blir utfordra. I møtet med dette meiner regjeringa at vi må halde fast på prinsippa for bistanden vår. Regelverket som er utvikla i fellesskap i OECD er viktig. Når andre givarar møter utviklingsland med eigne krav – eller ingen krav – skal bistanden vår framleis vere basert på menneskerettane. Vi skal møte mottakarland som likeverdige partnarar og styrkje dialogen med dei. I dagens polariserte verd vil det ikkje vere i Vesten si interesse å tvinge land til å velje side. Samtidig er eg oppteken av at Noreg må styrkje dialogen med «nye» land som har engasjert seg utviklingspolitisk. Vi samarbeider ofte om felles mål, og vi utfyller kvarandre.

Norec, vårt eige senter for utvekslingssamarbeid, jobbar allereie på ein måte som desse nye aktørane er opptekne av. Triangulær samarbeid, der Noreg støttar utveksling mellom land i det globale sør, er ei samarbeidsform som utfordrar den tradisjonelle givar-mottakar-dynamikken. Kunnskapsbanken bidreg òg til å byggje likeverdige partnarskapar gjennom utveksling av erfaringar.

Kampen for likestilling og kvinners rettar har i fleire år gått i motbakke.  Vi møter store motkrefter som er godt finansierte og godt koordinerte av konservative miljø på fleire kontinent. Pengane blir brukte på lobbyverksemd og reint operativt - til dømes på å finansiere sjukepleiarar i utviklingsland som skal frårå kvinner frå å bruke prevensjon. Noreg jobbar aktivt med å stå imot desse kreftene. Vi samarbeider med andre land og har tett dialog med sivilsamfunnet for å kjempe for kvinners rettar. På landsnivå støttar vi internasjonale og lokale frivillige organisasjonar og forsking, og vi gir støtte gjennom FN-systemet.

Vi ser i dag ei aukande polarisering mellom konservative og liberale krefter, og at reaksjonære krefter finn saman. Kampen for kvinners rettar, trygg og lovleg abort og rettane til skeive er på mange måtar førstelinja i den breie innsatsen for å styrkje demokrati og menneskerettar. Derfor er det viktigare enn nokon gong at Noreg er ein tydeleg røyste mot dette tilbakesteget eller «pushback-et» - og at vi er ein påliteleg støttespelar for rettferdskjemparar i land der utviklinga går i feil retning.

President. FN har rekna med at finansieringsgapet for å nå berekraftsmåla er på 4000 milliardar dollar årleg. Noreg skal, saman med Mexico, Nepal og Zambia, vere tilretteleggjar for slutterklæringa som skal vedtakast på den fjerde Finansiering for Utvikling-konferansen i Sevilla i juli neste år. Noreg framhevar betydninga av utviklingslanda si eiga ressursmobilisering gjennom skattar og avgifter og antikorrupsjon.

Etter påtrykk frå særleg G20, har utviklingsbankane gått gjennom store endringar dei siste åra. Noreg jobbar for at bankane skal bli meir effektive, ta meir risiko og kunne mobilisere meir kapital. Her ser vi allereie positive endringar.

I desse reformene er Noreg tydeleg på at auka finansiering til mellominntektsland ikkje må gå ut over finansiering på gunstige vilkår til dei fattigaste landa. Vi støttar innovative finansielle mekanismar for å få mest mogleg ut av eksisterande ressursar. Samtidig er vi blant dei som maner til edruskap og ansvarskjensle, slik at vi ikkje set den langsiktige finansielle berekrafta og kredittverdigheita til bankane i fare.

Samtidig som vi arbeider med auka finansiering, må vi erkjenne at vi står i ei ny internasjonal gjeldskrise. Halvparten av dei fattigaste landa er i dag anten i ei gjeldskrise eller på randa av krise. Fleire land bruker meir pengar på betening av gjeld enn på tenester til eiga befolkning. Dersom gjeldskrisa ikkje blir løyst, vil vi ikkje lykkast i å betre finansieringssituasjonen for utviklingslanda. Noreg bidreg aktivt til arbeidet med å finne løysingar gjennom rolla vår som gjesteland i G20, og i førebuingane til den 4. konferansen om Finansiering for Utvikling.

Det har vore ein trend med auka bruk av øyremerking, fond og fondsliknande mekanismar i bistanden. Noreg har òg vore del av dette. Fordelar ved bruk av fond kan vere fleire, men kan òg bety auka transaksjonskostnader og fleire mellomledd.

I Hurdalserklæringen varsla regjeringa at vi ville gå gjennom bruken av globale fond for å sikre meir effektiv utviklingsbistand. Vi har i denne gjennomgangen sett på meir enn 1100 avtalar om norsk støtte til fond og fondsliknande mekanismar for perioden 2018 til 2022. Vi har dei siste åra gått ut av eller fasa ut deltakinga vår i fleire fond og fondsliknande mekanismar og held fram vår kritiske vurdering av deltaking i fond.

Den direkte hjelpa frå Noreg til mottakarar i andre land har over tid utgjort ein mindre del av norsk hjelp. Regjeringa meiner likevel at slik bistand har ein viktig funksjon. Den varetek norske prioriteringar, men tek òg utgangspunkt i behovet i landet. Den gir oss høve til strategisk dialog med styresmaktene og andre partnarar på bakken. Ambassadane våre i utviklingsland står sentralt i dette. Bilateral hjelp på sitt beste er treffsikker, effektiv og styrkjer vår evne til å påverke gjennom dialog. Kontekstforståinga er best i landet det gjeld. Sjølv små prosjekt kan gi stor utviklingseffekt.

President. 14. august erklærte verdas helseorganisasjon utbrotet av mpox som ei internasjonal folkehelsekrise. Det stadfestar det vi har sagt sidan pandemien; det er snakk om når, ikkje om, neste epidemi og pandemi kjem. Krisefonda som Noreg har investert i reagerte raskt. Det er mellom anna bestilt 500 000 vaksinar ved hjelp av ein ny norskstøtta mekanisme.

Skiftande norske regjeringar har investert tungt i global helse. Det er både i verdas og i norsk interesse. Covid-19 lærte oss at vår felles beredskap ikkje er sterkare enn det svakaste leddet. Utbrot av mpox og Marburg minner oss igjen om viktigheita av å byggje sterke helsesystem lokalt. Antimikrobiell resistens er ein annan trussel med pandemisk potensiale. Sør-Afrika og Noreg leidde samarbeidet ACT-A for tilgang til covid-19-vaksinar og behandling. Vi held fram dette samarbeidet om pandemiberedskap og –respons. Det går òg føre seg forhandlingar i Verdshelseorganisasjonen om ein pandemiavtale.

Noregs innsats innan global helse gir resultat. Frå 1990 til 2022 er andelen barn som døyr før fylte fem år meir enn halvert. Barnevaksinasjon har vore avgjerande. Noreg var med å starte vaksinealliansen Gavi og Det globale fondet for kamp mot aids, tuberkulose og malaria. Gavi har bidrege til å vaksinere over ein milliard barn og dermed forhindre 17,3 millionar framtidige dødsfall. Det er rekna med at Det globale fondet for kamp mot aids, tuberkulose og malaria har bidrege til å redde 65 millionar liv sidan 2002.

Skal vi nå berekraftsmålet på helse, er det avgjerande at innsatsen vår styrkjer helsesystem, sikrar universell helsedekning og fremjar pandemiberedskap. Det internasjonale arbeidet, inkludert WHO, Verdsbanken, UNICEF, Gavi, Det globale fondet, GFF og andre, er viktige i dette. Noreg vil gå føre i arbeidet for å styrkje samarbeidet mellom globale helseinitiativ. Å jobbe med systemendring er krevjande og tek tid, men det er det som gir varige resultat. 

La meg ta eit historisk tilbakeblikk for å illustrere kvifor vi jobbar som vi gjer. På 1990-talet frykta vi at store delar av befolkninga i delar av Afrika ville døy av aids. I 2023 fekk tre firedelar av alle som lever med hiv livsforlengjande behandling, og talet på aids-relaterte dødsfall var 70 prosent lågare enn i 2004. Suksessen har vore mogleg på grunn av ein storstilt innsats for nasjonale helsesystem og internasjonalt samarbeid for tilgang til medisinar. I starten var behandlinga eit heilt glas med piller kvar dag, med sterke og plagsame biverknader. No er det redusert til éi pille om dagen. Men vel så viktig har det normative arbeidet vore. At mangehar arbeidd systematisk mot stigma, har vore viktig for at marginaliserte menneske oppsøkte og fekk hjelp. Innsatsen mot hiv har lært oss at store utfordringar krev systemisk innsats, både nasjonalt og internasjonalt, han må vere inkluderande og ta utgangspunkt i menneskerettane.

I det siste har det vore diskusjon om globale fellesgode fortrengjer midlane til kampen mot fattigdom. Det er verken rett eller nødvendig å setje globale fellesgode, som klima eller pandeminedkjemping, opp mot fattigdomsreduksjon.

I Hurdalsplattforma seier regjeringa at vi vil «sameine klima- og utviklingspolitikken». Innsatsane mot klimaendringar, fattigdom og svolt, er avhengige av kvarandre. Det er slått fast i dei 17 berekraftsmåla verda har blitt samde om. Berekraftsmåla er ikkje berre eit vegkart for utviklingsland, dei er òg Noregs utviklingsmål og vegkart.

Regjeringa vil bruke éin prosent av BNI til internasjonal innsats for å oppnå FN-måla om sosial, økonomisk og miljømessig berekraft. Norsk utviklingspolitikk skal framleis ha ein tydeleg fattigdomsprofil.

FN har fastsett eit mål om at minimum 0,15-0,20 prosent av bruttonasjonalinntekta skal gå til dei minst utvikla landa. Noreg er eit av få land som har levert på det målet, og det meiner regjeringa at vi skal halde fram med å gjere.

President. Dei humanitære behova i verda held fram med å auke. Regjeringa lanserte i mai ein revidert humanitær strategi. Noreg skal ha ei tydeleg røyst og halde fram med å støtte tiltak som vernar sivile, inkludert barn og unge, mot militær maktbruk, vald og overgrep i konflikt. Vi vil òg styrkje innsatsen vår mot svolt i den humanitære hjelpa.

Vi ser no oftare at krisesituasjonar kan vare i mange år, og at naturkatastrofar skjer stadig hyppigare. Det gjer det nødvendig å tenkje nytt om forholdet mellom humanitær og langsiktig hjelp.

Regjeringa vil halde det humanitære budsjettet på eit høgt nivå. Men verken norsk eller internasjonal finansiering held tritt med dei aukande humanitære behova. Skal vi lykkast med å redusere dei humanitære behova over tid, må vi leggje meir vekt på samspelet mellom humanitær innsats, langsiktig hjelp, konfliktløysing og fredsinnsats.

I haust overførte regjeringa forvaltninga av humanitære midlar frå UD til Norad. For første gong forvaltar Norad no både den langsiktige utviklingsbistanden og den humanitære hjelpa. Det legg til rette for ein meir heilskapleg innsats. Det vil òg styrkje kontrollen å samle all bistandsforvaltninga hos vårt mest kompetente fagmiljø for forvaltning. Dette gjer vi fordi vi er opptekne av god forvaltning på styring, slik at vi får mest mogleg ut av kvar hjelpekrone.

Dei humanitære prinsippa ligg til grunn for all humanitær innsats. Det inneber mellom anna at humanitære arbeidarar må vernast, og at dei som har størst behov skal prioriterast. Regjeringa meiner vi i større grad må nytte lokale aktørar, også i humanitære situasjonar, såkalla lokalt leidd utvikling. I komplekse kriser spelar lokale organisasjonar ei viktig rolle for å få hjelpa fram dit behova er størst. Men det føreset at Noreg er ein fleksibel og løysingsorientert givar. Det inneber òg auka risiko- og byrdedeling med lokale partnarar.

President. Rekordmange menneske er på flukt i verda, heile 122 millionar ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar. Dei fleste er på flukt i eige land – over 75 millionar. Resten har flykta til eit anna land. Det er ikkje rike land som får flest flyktningar. Dei fleste oppheld seg i regionen til heimlandet. Over 70 prosent har søkt tilflukt i utviklingsland som Libanon, Jordan og Pakistan, og flyktningar frå afrikanske land oppheld seg primært i andre land på det afrikanske kontinentet.

Satsinga for flyktningar og internt fordrivne skal bidra til å betre forholda for menneske på flukt. Den skal gjere samfunn som får fordrivne betre i stand til å vareta både dei og eiga befolkning. Lykkast vi med å auke motstandskrafta i sårbare lokalsamfunn, vil færre sjå seg nøydde til å setje livet på spel ved å leggje ut på den farefulle ferda mot Europa.

Noreg skal bidra til at flyktningar kan finne varige løysingar gjennom tilbakevending til heimlandet, lokal integrering i vertsland eller gjenbusetjing. Noreg skal òg bidra til at migrantar i ein sårbar situasjon kan returnere til heimlandet eller bli inkluderte i eit vertsland.

President. Utviklingspolitikken har i mange tiår stått sentralt i den rolla Noreg har spelt i verda. No har denne rolla blitt endå meir samanvoven med utanriks- og tryggingspolitikken. Noreg blir frå tid til anna omtalt som ein aktør som boksar over eigen vektklasse i internasjonal utviklingspolitikk. Skiftande regjeringar har sørgt for dette. Fasettar og tematiske prioriteringar kan skifte over tid, men Noreg har stått seg på å vere ein aktiv og menneskerettsorientert bidragsytar. No har verda blitt meir polarisert. Også utviklingspolitikken blir trekt tettare inn i den nye rivaliseringa. Derfor er Noregs engasjement viktigare enn før. Norsk utviklingspolitikk byggjer tillit. Og ei verd bygd på tillit og samarbeid er i Noregs interesse.