Valgjennomføringa er i gang

Dette innhaldet er meir enn 9 år gammalt.

I løpet av dei to første vekene med førehandsstemming, har 93 210 personer førehandstemt. Dette er ei auke på over 15 600 sidan førre kommunestyre- og fylkestingsval då om lag 77 600 personar hadde stemt etter to veker.

I heile landet er valmedarbeidarar i gang med å ta imot og handtere stemmene som kjem inn.

Det er eit stort apparat på landsbasis som er i sving for å gjennomføre valet. I alle kommunar er det rigga til for førehandstemminga i eigna vallokaler, med valutstyr og stemmesetlar. Stemmegivingar tilhøyrande eigen kommune skal takast vare på til valdagen for oppteljing då. Stemmegivingar tilhøyrande andre kommunar skal sendast vidare til riktig kommune for oppteljing der.

Det er førehandstemming på institusjonar som sjukeheim, sjukehus eller fengsel. Kommunane legg også til rette for at sjuke og uføre skal kunne stemme heime, såkalt ambulerande stemmegiving. Dette skjer ved at veljar søker kommunen om å få stemme heime. Etter at søknaden er behandla, drar valmedarbeidarar frå kommunen heim til veljaren for å ta imot stemma der. Dette  skjer gjerne den siste veka før valdagen.

På sjølve valdagen(-ane) er det størst aktivitet. Då skal eitt vallokale i kvar valkrets setjast i stand og bemannast med tilstrekkeleg med valmedarbeidarar. Totalt i landet har vi i om lag 2 360 vallokaler på valdagen. I år har 192 kommunar todagars val, det vil seie valdag både på søndag 13. og måndag 14. september.  

Eit viktig verktøy i valgjennomføringa er IT-systemet EVA. Dette systemet blir mellom anna brukt til å søke opp veljarar i manntalet, til å registrere stemmegivingar og ikkje minst, til oppteljinga på valdagen. Om lag 222 kommunar skal skanne stemmesetlar ved oppteljinga i år, og resultatet frå skanninga blir overført til EVA, som igjen vidareformidlar resultata til mediene og til nettsida valresultat.no.