Vann for sine bidrag til eit sunnare kosthald
Nyheit | Dato: 16.02.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Torsdag delte Helse- og omsorgsdepartement ut sine utmerkingar for sunnare kosthald. Vinnarane er Grilstad og Baker- og Konditorbransjens Landsforening.
Grilstad vann i kategorien Sunnare produkt med serien Lev Litt Lettere.
– Det er eit gode at vi som forbrukarar har moglegheit til å velje sunnare produkt når vi ønsker det. Det har ei betydning for folkehelsa, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Ei merking som hjelp forbrukaren
I kategorien Sunnare marknadsføring vann Baker- og Konditorbransjens Landsforening med merkeordninga Brødskalaen.
– Denne merkeordninga er ei enkel, grafisk framstilling av kor grovt brødet er, og er eit godt eksempel på merking som kan hjelpe forbrukarane å finne sunnare alternativ, seier Kjerkol.
Gode val til lågare pris
Andre- og tredjeplassen i kategorien Sunnare produkt gjekk til ISS med matfilosofien Good Mood Food og Unil med sine First Price-produkt med grunngjeving i at dei gir ernæringsmessige gode val til ein lågare pris.
I kategorien Sunnare marknadsføring fekk Rema 1000 andreplassen for deira støtte til aktiv idrett med frukt og grønt på idrettsarrangement, mens tredjeplassen gjekk til Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG) med 5 om dagen barnehage.
Helse- og omsorgsdepartementet sine utmerkingar skal fremje arbeidet med å legge til rette for eit sunnare kosthald.
Knytt til intensjonsavtalen
Aktørane som kjempar om utmerkingar er alle knytt til intensjonsavtalen. Dette er ein samarbeidsavtale mellom helsemyndigheitene og matbransjen for å betre kosthaldet i befolkninga. Avtalen gjeld fram til og med 31. desember 2025.
Vinnarane blei kåra på UMAMI Lillestrøm torsdag i samband med seminaret Spisevaner endres raskt i krisetider – mulighetsrom for det vi skal spise #MerAv.
Arrangørar var Norges Frukt- og Grønnsaksgrossisters Forbund, Sjømat Norge, Baker- og Konditorbransjens Landsforening og Opplysningskontoret for frukt og grønt.