Svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp) om oversyn over tilskot og angjeveleg miljøeffekt av tredrivarordninga.

Eg viser til brev av 3. desember 2024 med følgande spørsmål til skriftleg svar frå

representanten Bengt Rune Strifeldt:

«Med bakgrunn i "tredriverordningen" og den pågående granskningen fra ESA, ber jeg statsråden om en oversikt over hvor mye tilskudd som er tildelt siden ordningen ble innført og en spesifisering av hvilke mottakere som har fått støtte, samt en oversikt over hvor mye av tilskuddene som er gitt til landbrukseiendommer og hvordan man dokumenterer den angivelige miljøeffekten ved å føre opp bygg i massivtre i stedet for andre byggematerialer?»

ESA opna 20. mars 2024 formell undersøking av to ulike sakar; tredrivernettverket og tilskot til investerings- og bygdeutviklingsmidlar (IBU-midlane). Slik eg forstår spørsmålet frå representanten, blir det bede om ei oversikt over kor mykje og kven som har fått støtte i tredrivernettverket. I tillegg blir det bede om ei oversikt over kor mykje tilskot som er gitt ved investering i landbruksbygg i tre under IBU-midla, samt ei utgreiing av korleis ein dokumenterer miljøeffekten av tre i landbruksbygg.

Tredrivarnettverket blir koordinert av Innovasjon Noreg og består av regional tredrivarar i ulike fylke. Tredrivarane søkjer om individuelle prosjekt, og prosjekta blir finansierte av ulike aktørar. Prosjekta skal vere relaterte til nettverksbygging og deling av kunnskap og beste praksis knytt til bruk av tre i byggeprosjekt. Finansieringa av tredrivarane kjem frå tre eksisterande tilskotsordningar: Bioøkonomiordninga, regionale utviklingsmidlar og regionale tilretteleggingsmidlar.

Under følgjer ei oversikt over talet på prosjekt, kven som har fått midlar, og kor mykje som er gitt av Innovasjon Norge. Same oversikt er sendt til ESA.

Tabell

IBU-midlane skal mellom anna bidra til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket. Støtte til investering i landbruksproduksjonsanlegg bidrar også til berekraftig landbruk og sikring og forbetring av dyrevelferd. Avtalepartane blei i 2019 einige om å innføre eit ekstra tilskot ved investering i landbruksbygg i tre på inntil 20 prosent av ordinært innvilga tilskotsbeløp. Tretilskotet er ein bonus for å stimulere bønder til å bruke meir tre i nye produksjonsanlegg. Maksimal støtte per prosjekt til bønder som bygger i tre er kr 400 000 for bygningar som bruker ein stor del tre, og kr 200 000 for strukturar som bruker mindre tre. I jordbruksavtalen av 16. mai 2024, mellom regjeringa og bondeorganisasjonane, blei det bestemt at tretilskottet skal avviklast ved utgangen av 2024. Under følgjer ei oversikt over tal på støtta prosjekt, totale tildelingar i millionar kroner og gjennomsnittleg tildeling per prosjekt i perioden 2020 til 2024.

År

Tal, støtta prosjekt

Totale tildelingar

(i millionar kroner)

Gjennomsnittleg tildeling per prosjekt

2020

142

33.7

237 000

2021

176

43.3

246 000

2022

195

44.7

229 000

2023

171

49.5

289 000

2024

151

41.9

277 000

Sum

835

213,1

255 000

 

Målet med den ekstra støtta er å legge til rette for berekraftige landbruksbygg ved å stimulere til bruk av tre.

Skog og treprodukt er ein viktig del av regjeringas klimapolitikk. Skog tar opp karbon og lagrar karbonet i biomasse, jord og treprodukt. Bruk av treprodukt framfor meir utslippsintensive material kan bidra til å redusere utslepp. Lagring i treprodukt (Harvested Wood Products) er ein del av klimagassregnskapet, og Norge, på lik linje med andre land, rapporterer på dette både til FN og til EU.

Ein spesifikk berekning av klimagassutslepp eller ein livssyklusanalyse for kvart prosjekt har ikkje blitt etterspurt for prosjekt under denne ordninga.

Med helsing

 

 

Geir Pollestad