Vedlikehald og fornying: Betre framkome og transporttryggleik på veg, bane og i hamner og farleier
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 80/16 | Dato: 17.03.2016
- Vi har i dag eit stort vedlikehaldsetterslep. Regjeringa har difor styrkt satsinga på vedlikehald og fornying av transportinfrastrukturen dei siste åra. Tiltaka som transportetatane skal utføre i år, er viktige for å minske etterslepet på veg, bane og i hamner og farleier. Å heve standarden på dagens infrastruktur er viktig for å betre både framkome og transporttryggleik, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Kystverket, Jernbaneverket og Statens vegvesen har i dag presentert nykkelopplysningar om vedlikehalds- og fornyingstiltak i 2016 innanfor transportsektoren.
Over statsbudsjettet for 2016 er det til saman løyvd om lag 9,4 milliardar kroner som skal nyttast til vedlikehald og fornying på budsjetta til dei tre transportetatane. Det har vore ein vesentleg auke dei seinare åra. Nivået for 2016 er 78 prosent høgare enn løyvinga som den førre regjeringa føreslo for 2014.
- For fleire av tiltaka er det berre å setje i gang. I tillegg til at infrastrukturen blir betre, bidrar tiltaka til auka aktivitet, seier samferdselsministeren.
Prioriterte vedlikehalds- og fornyingstiltak i 2016
Kystverket skal mellom anna prioritere utbetring etter stormskader, gjennomføring av eigne vedlikehaldsprosjekt for fyrstasjonar og fjerning av eigarlause blåskjelanlegg.
Jernbaneverket skal gjennomføre tiltak på heile banenettet. Sørlandsbanen, Bergensbanen og Dovrebanen er blant dei prioriterte strekningane. Arbeida vil mellom anna bidra til å redusere konsekvensane av ras og flaum, slik at driftsstabiliteten på jernbanenettet blir betre.
I regi av Statens vegvesen er det lagt opp til å nyasfaltere 1250-1300 kilometer med riksveg i år, ei vidareføring av nivået for 2015. Vedlikehald og fornying av tunnelar vil bli prioritert i 2016.
Arbeidet med å innhente vedlikehaldsetterslepet er omfattande
Å rekne ut etterslep er ingen eksakt vitskap, men løyvingane til vedlikehald og fornying for 2016 gjer at etterslepet anten blir mindre eller uendra samanlikna med i fjor.
Forfallet på kystinfrastrukturen er anslått til å vere på om lag 1,54 milliardar kroner ved utgangen av 2016, 149 millionar kroner mindre enn i 2015. For jernbanen er etterslepet anslått til å vere på omlag 17,2 milliardar kroner ved utgangen av 2016, 500 millionar kroner mindre enn eitt år tidlegare.
Etterslepet på riksvegnettet ved utgangen av 2016 finst det ikkje eit godt anslag for, men Statens vegvesen har rekna ut at vedlikehalds- og fornyingstiltaka i 2016 vil redusere forfallet med 1,3 milliardar kroner. I arbeidet med Nasjonal transportplan 2014-2023 anslo Statens vegvesen at vedlikehaldsetterslepet på riksvegnettet var på mellom 30 og 45 milliardar 2012-kroner.
- Å innhente etterslepet er eit omfattande arbeid, og kjem til å ta tid. Vedlikehald har ikkje blitt prioritert høgt nok av tidlegare regjeringar og storting. Det kan vere stas å klippe snorer når nye prosjekt står klare til bruk, men eg er meir oppteken av at infrastrukturen vi nyttar kvar dag skal vere i god stand. Eg ønskjer difor å halde fram med prioritering av vedlikehald og fornying, seier samferdselsministeren.
Les pressemelding fra Statens vegvesen.
Les pressemelding fra Jernbaneverket.
Les pressemelding fra Kystverket.
For meir informasjon - ta kontakt via:
- Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)