Vegard Hansen blir ny direktør for Vegtilsynet

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Vegard Hansen er 34 år gammal og har vore tilsett i Vegtilsynet sidan 2018 med ansvar for økonomi og strategi. Hansen har ein bachelor i økonomi og administrasjon frå Høgskolen i Lillehammer og har tatt fleire emne ved Edinburgh Business School der han har Postgraduate Certificate.

- Eg ønsker Vegard Hansen velkommen som direktør for Vegtilsynet og ser fram til eit godt samarbeid om å nå nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård om tilsettinga.  

Den viktigaste oppgåva til Vegtilsynet er nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken. Vegtilsynets hovudoppgåve er å føre tilsyn med Statens vegvesen og Nye Veier AS. Dei skal òg vere en pådrivar for trafikksikkerheit uavhengig av vegeigar. I tillegg følger Vegtilsynet opp sikkerheitstilrådingar som Statens havarikommisjon gir etter ei gransking.

Vegard Hansen er busett på Voss og tiltrer stillinga den 1.januar 2023.

Bilde av Vegard Hansen, som blir direktør i Vegtilsynet fra 1. januar 2023.