Vegard Sørebø er utnemnd til assisterande departementsråd i ED

Kongen i statsråd har i dag utnemnd Vegard Sørebø (46) til assisterande departementsråd i Energidepartementet. Embetet som assisterande departementsråd er nyoppretta og skal støtte departementsråden i den daglege leiinga av departementet.

Bilete av ny assisterende departementsråd Vegard Sørebø.
Vegard Sørebø blei utnemd til assisterande departementsråd i Energidepartementet 27. september 2024. Foto: Energidepartementet

Sørebø har lang erfaring frå Finansdepartementet og Statsministerens kontor, og har dei siste to åra jobba i Energidepartementet. Sørebø er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og har i tillegg ein mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo.