Verdsarvbøndene i Undredal får den nasjonale kulturlandskapsprisen 2024

Seks gardsbruk får prisen for arbeidet med å ta vare på kulturlandskapet i verdsarvbygda Undredal i Sogn.

Fleire personar. Dei er vinnarar av den nasjonale kulturlandskapsprisen. Dei står framføre Aurlandsfjorden i bygda Undredal. Det er skodde over fjorden.
Statssekretær Wenche Westberg møtte prisvinnarane i Undredal. På gardsbruka driv bøndene med mellom anna geitehald og ysting. Foto: Norsk Kulturarv

- Verdsarvbøndene har i fleire omgangar vore føreslegne som verdige mottakarar av den nasjonale kulturlandskapsprisen, i sterk konkurranse med andre kandidatar, seier statssekretær Wenche Karin Westberg.

Det er Norsk Kulturarv og Landbruks- og matdepartementet som kvart år samarbeider om å velja ut vinnaren av prisen.

Den vesle bygda Undredal i Aurland kommune har eit særprega bygningsmiljø med småe trehus som står tett i tett, den minste stavkyrkja i landet og eit rikt biologisk mangfald som slåtte- og beitemarker. Ho er også ein del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, som er innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

- Geitehald og ysting er hovuddriftsformene i bygda, og det er tilpassa landskapet.

Aurlandsfjorden frå bryggja i Undredal i Aurland kommune. Bildet viser dei bratte fjellsidene som stuper ned i vatnet. Vêret er grått og overskya. EIn kan sjå husveggen på eit gammalt hus til høgre i bildet, og ein liten båt på fjorden.
Aurlandsfjorden, saman med Nærøyfjorden som ligg ikkje så langt unna, er del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Det betyr at områda er innskrivne på UNESCO-lista. Foto: Norsk Kulturarv

Dei bratte jorda i dalen blir også både beita og slegne kvart år.

- Eg har registrert at det er stor oppslutnad her om verdsarvmidlane i jordbruksavtalen, og at dei har den effekten me ønsker. Allereie i 2008 blei ordninga etablert. Ho skulle bidra til å styrka landbruket, mellom anna for å oppretthalda verdiane i verdsarvområdet, seier Westberg.

Westberg fortel også at midlane som legg til rette for å oppretthalda unike jordbruklandskap blei auka i år.

Bildet viser fleire ostar som ligg for å modna i Undredal. Ostane er kvite og runde.
Undredal er kjend for fleire ostetypar. Her ligg det ei heil ladning med ost til modning. Foto: Norsk Kulturarv

- Eg tenker spesielt på dette når me i år skal legga fram ei stortingsmelding om korleis Noreg følgjer opp den globale naturmangfaldlova, der landbruket òg har ei viktig rolle.

- Å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket med verdifulle miljøkvalitetar, krev målretta innsats i generasjonar og over lang tid, seier Westberg.

Vinnaren av kulturlandskapsprisen får 50.000 kroner og eit grafisk blad i tresnitt utført av Hans Normann Dahl. Prisen blei utdelt for fyrste gong i 2007.

Prismottakarane er gardane Vetlereina v/ Bernat Alarcon Underdal og Maria Alarcon Underdal, Reina gard v/Atle Underdal Borlaug og Anna Elise Borlaug, Nigarden v/Trude Høiby Underdal og Tormod Underdal, Turi-Per-garden v/ Erna Underdal og Sigbjørn Skarsbø, Hjellum gard v/ Nils Hjellum og Hjødlo gard v/ Jannicke Hjellum.