Vernar 27 skogområde i åtte fylke

Regjeringa vernar i dag 27 nye skogområde i åtte fylke. Områda er viktige levestader for mange trua artar. Vernet er viktig for å ivareta desse artane i framtida.

Gammel granskog med mye død ved som nå er vernet i Gukilhøgda og Abbortjernhøgda naturreservat i Indre Østfold kommune.
Gammel granskog med mye død ved som nå er vernet i Gukilhøgda og Abbortjernhøgda naturreservat i Indre Østfold kommune. Foto: Terje Blindheim

– Med dette vedtaket bevarer me viktige leveområde for mange trua artar. Regjeringa vil sikra god framdrift i skogvernet, og med årets løyving på 800 millionar kroner kan me verkeleg få opp tempoet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Dagens vernevedtak omfattar 45 km2 nytt verneareal, og 34 km2 er produktiv skog.

To av områda som blir verna, er eigde av Statskog SF, medan dei andre 25 områda er frivillig vern av privateigd skog.

Skal bidra til nasjonale mål

Skogvernet skal bidra til å nå to nasjonale mål for naturmangfald:

  • Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.
  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær truande artar og naturtypar skal betrast.

Vernevedtaket er også eit steg mot målet til Stortinget om vern av 10 prosent av skogen. Over 5,3 prosent av all skog i Noreg er no verna.

– Skogen er uerstatteleg for oss som samfunn. Den gir oss materiale, energi, frisk luft, opplevingar, reint vatn, lagrar store karbonmengder, reduserer faren for flaum og ras, og ikkje minst er skogen levestad for tusenvis av artar. Derfor er me opptekne av å ta betre vare på skogen, mellom anna gjennom vern, seier klima- og miljøminister Bjelland Eriksen.

Ei rekkje område skal vernast framover

Samarbeidet mellom skogeigarorganisasjonane og miljøstyresmaktene om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og dei første områda vart verna i 2005. Så langt er det verna 924 skogområde i dette samarbeidet. Interessa for frivillig vern av privateigd skog er stor, og det blir arbeidd med ei rekkje nye skogområde med sikte på vern.

– Gammal skog er avgjerande for naturmangfaldet i Noreg. I skogen finst 1330 trua artar, og heile 84 prosent av desse lever i gammal skog. Me treng betre kunnskap om denne skogen, og det går derfor føre seg eit arbeid for å kartleggja gammal naturskog som ikkje er flatehogd. Betre kart over den gamle skogen som ikkje er flatehogd, blir viktig for skogvernarbeidet, seier klima- og miljøminister Bjelland Eriksen.

Gammel lindeskog i Hanakne naturreservat i Porsgrunn kommune.
Gammel lindeskog i Hanakne naturreservat i Porsgrunn kommune. Foto: Stefan Olberg

Stor variasjon mellom skogområda som blir verna

Skogområda som er verna i dag har mange ulike skogtypar og vernekvalitetar.

Svanøy naturreservat i Kinn kommune er eit stort og variert verneområde på ca. 5200 dekar. Viktige skogtypar i området er fattig og rik boreonemoral regnskog, rik edellauvskog, gammalskog av både boreal barskog og lauvskog, låglands- og kystfuruskog, og ein lokalitet av gammal svartorsumpskog. Svanøya ligg i kjerneområdet for fattig boreonemoral regnskog, som er ein trua naturtype med status sårbar (VU) på raudlista for naturtypar. Skogen er gjennomgåande lite påverka og gammal, stadvis med mykje død ved. Ei rekkje artar er registrerte i området, også mange trua artar. Saman med nærliggjande Osøyra naturreservat som vart verna i 2023 vil Svanøya naturreservat også bidra til eit større økologisk nettverk.

Hisåsen naturreservat i Lillesand kommune er eit område med stor topografisk variasjon. Området har viktige førekomstar av boreonemoral edellauvskog med fleire førekomstar av mellom anna lågurtskog og barlind. Det er spreidd med død ved og gamle tre i området. Raudlista naturtypar i området er lågurtedellauvskog med status sårbar (VU) og frisk rik edellauvskog som har status nær trua (NT).

Midtstrondbekken naturreservat i Tinn kommune er ei større utviding av eksisterande naturreservat. Området har stort høgdepenn og ein sjeldan kombinasjon av høgareliggjande naturskog av furu, gammal høgproduktiv og dødvedrik låglandsskog og sandfuruskog, der området samla sett har lang kontinuitet i død ved.  Området har store areal av sandfuruskog, mykje av dette er den raudlista naturtypen lågurt- lyngfuruskog (NT). Totalt 26 raudlisteartar er funne, av desse er heile 18 raudlisteartar knytt til gammalskogstrukturar av furu. Området har ein sjeldan rik førekomst for regionen av ulvelav (NT), på hundrevis av tre. Naturreservatet er blant dei rikaste lokalitetane i landet for gammalskogartar på furu.

Høghaug og Hansebakkberget naturreservat i Sør-Aurdal kommune består av eit kupert toppområde og ein lang sørvestvedt liside ned mot hovuddalføret og elva Begna. Gammal granskog dominerer, men det er også furuskog på skrinne parti og område med barblandingsskog i tillegg til fleire brattskrenter med rasmark og blokkmark der det finst edellauvtre. Viktige vernekvalitetar er gammal granskog, gammal og rik låglandsskog, høgstaudegranskog (NT) og førekomstar av raudlisteartar. Området er også viktig for representativitet sidan Begnadalen har få verneområde med granskog i hovuddalføret.

Mardalen naturreservat i Levanger kommune består av fleire skarpe bekkedaler og kløftar med rik berggrunn og delvis med kalkvegetasjon. Bekkedalane er 5–50 meter djupe. Skogen i bekkedalane er jamt gammal, med gran i alder opptil 250 år. Viktige naturtypar i området er elvekløfter og bekkekløfter, høgstaudeskog, kalkskog, rikmyr, sumpskog og flaumskogmark.

Bekkekløfta Gjeldsåsbekken har spesielt høg verdi, og her er det m.a. påvist ca. 150 soppartar kor fleire er raudlista.

 

Frivillig vern av skog inneber at miljøstyresmaktene definerer kva skogtypar og naturkvalitetar som bør vernast. Ut frå dette tilbyr skogeigar areal for vern. Miljøstyresmaktene vurderer om området har naturfaglege kvalitetar som tilseier at det bør vernast, og i så fall blir det forhandla med sikte på å inngå avtale om frivillig vern mellom skogeigar og staten.

Verneforslag med forslag til vernereglar og vernegrenser blir sendt på offentleg høyring slik at ein kan innhenta synspunkt og avklara forholdet til andre interesser. Vernevedtak skjer ved kongeleg resolusjon i statsråd.

Skogeigar avstår retten til å driva skogbruk i naturreservatet, og får derfor erstatning for tap av framtidig inntekt frå skogbruk i området. Dersom skogeigar ikkje er fornøgd med utfallet, kan han/ho trekkja seg undervegs i prosessen.

Normalt er jakt, fiske og hausting av bær og sopp tillate. Skogeigar beheld eigedomsretten, og dessutan jakt- fiske og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrar kan brukast og haldast ved like som før.

I 2023 løyva Stortinget i alt 730 millionar kroner til skogvern, og løyvinga i 2024 er på 800 millionar kroner.

Følgjande 27 område er i dag verna etter naturmangfaldslova:

  1. Svanøya naturreservat i Kinn kommune, Vestland
  2. Vestreim naturreservat i Sogndal kommune, Vestland
  3. Sporkland naturreservat i Sirdal kommune, Agder
  4. Kleppsfjellet og Slettafjellet naturreservat i Hægebostad kommune, Agder
  5. Nedre Timenes naturreservat (utviding) i Kristiansand kommune, Agder
  6. Hisåsen naturreservat i Lillesand kommune, Agder
  7. Vennevannsliene naturreservat i Tvedestrand kommune, Agder
  8. Barlindknuten naturreservat i Kragerø kommune, Telemark
  9. Grønlifjellet naturreservat i Drangedal kommune, Telemark
  10. Meheia og Tiurleikåsen naturreservat i Nome kommune, Telemark
  11. Tårånli naturreservat (utviding) i Kviteseid kommune, Telemark
  12. Bjønntjenn naturreservat (utviding) i Drangedal kommune, Telemark
  13. Midtstrondbekken naturreservat (utviding) i Tinn kommune, Telemark
  14. Hanakne naturreservat i Porsgrunn kommune, Telemark
  15. Viersdalen naturreservat i Porsgrunn kommune, Telemark
  16. Melåa naturreservat i Modum kommune, Buskerud
  17. Gukilhøgda og Abbortjernhøgda naturreservat (utviding) i Indre Østfold og Aurskog-Høland kommunar, Østfold og Akershus fylke
  18. Høgsmåsan og Geitåsen naturreservat (utviding) i Lillestrøm og Gjerdrum kommunar, Akershus
  19. Høghaug og Hansebakkberget naturreservat i Sør-Aurdal kommune, Innlandet
  20. Oldøya naturreservat i Ørland kommune, Trøndelag
  21. Hesthølmelan og Aunbekkdalen naturreservat i Stjørdal kommune, Trøndelag
  22. Meådal naturreservat i Stjørdal kommune, Trøndelag
  23. Mardalen naturreservat i Levanger kommune, Trøndelag
  24. Aurstadklumpen naturreservat i Grong og Høylandet kommunar, Trøndelag
  25. Finntjønnin naturreservat (utviding) i Overhalla kommune, Trøndelag
  26. Holmdalen og Langfjelldalen naturreservat (utviding) i Høylandet og Nærøysund kommunar, Trøndelag
  27. Merkesodden og Røstdalen naturreservat i Flatanger kommune, Trøndelag.

Se detaljkart over hvert av de 27 områdene på Miljødirektoratets nettsider.