Historisk arkiv

Vernar 33 nye skogområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har i dag verna 33 nye skogområde. Dei fleste skogområda er frivillig verna. Det betyr at grunneigarane tilbyr vern mot erstatning frå staten. Områda ligg frå Vest-Agder i sør til Nord-Trøndelag i nord.

Skog i Korpreiret naturreservat
Relativt gamal granskog, Korpreiret naturreservat. Foto: Hellik Hofton

– Vi skal nå Stortingets mål om ti prosent skogvern gjennom vern av offentleg eigd skog og frivillige vern av privat skog. Vernet vi vedtok i dag, er eit nytt steg  for å komme nærare målet, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Dei fleste av dei 33 skogområda er frivillig verna, der  grunneigarane tilbyr  vern mot erstatning. Det inngår også noko skog eid av Statskog SF og Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar). Interessa for frivillig skogvern har auka dei siste åra. Med løyvinga på 392 millionar kroner i budsjettet for i år vil det bli fleire vernevedtak i løpet av 2016. Stortinget har nyleg vedteke eit mål om vern av ti prosent av skogarealet. Målet er langsiktig, og vern av privat skog skal framleis som hovudregel vere frivillig. Med dette vedtaket aukar norsk skogvern frå nær 2,95 prosent til om lag tre prosent av den produktive skogen i landet. 

– Eg vil takke dei mange skogeigarane som tilbyr frivillig vern. Dei bidrar til at vi kan nå både vårt eige skogvernmål og internasjonale mål for biomangfald. Dette er eit positivt og tillitsfullt samarbeid mellom miljøstyresmaktene og skogeiegarane. Slik oppnår vi auka vern, respekt for privat eigedomsrett og mindre konfliktar, seier Helgesen. 

Sikrar leveområde for trua arter

Vern av skogområde skal bidra til eit representativt vern av skogtypar og sikre trua artar og naturtypar i norsk skog. Noreg har stor variasjon av skogtypar, også skogtypar som er internasjonalt sjeldne. Nær 50 prosent av dei trua og nær trua artene i Noreg lever i skog. Vernevedtaket bidrar dermed til at  to av dei nasjonale måla for naturmangfald  kan bli nådd:

  • Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar
  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua arter og naturtypar skal betrast
Elvekløft i Korpreiret naturreservat
Korpreiret naturreservat. I den skyggelagte botnen av juvet ligg elvekløfta, ein naturtype som i Norsk rødliste for naturtyper 2011 er vurdert som nær trua. Gamalskogen i kombinasjon med høg luftfuktighet og bergveggar gir gunstig klima for mange sjeldne arter. Foto: Hellik Hofton

Globale miljømål

Skogvern i Norge bidrar også på ein svært effektiv måte til å nå fleire av dei globale måla for biologisk mangfald.

– Skogvern er eit viktig og svært effektivt tiltak for å sikre norsk naturmangfald. Samtidig bidrar det til å nå fleire av dei globale måla for naturmangfald under FN sin biomangfaldkonvensjon, seier Helgesen.

Det blir halde partsmøte i Cancûn, Mexico, for FN sin konvensjon om biologisk mangfald den 4. – 17. desember i år. I tillegg blir det halde eit høgnivå-møte 2. og 3. desember der klima- og miljøminister Vidar Helgesen og fiskeriminister Per Sandberg vil delta frå Noreg. Mexico har valt jordbruk, skogbruk, fiskeri og turisme som hovudtema for denne delen av møtet. Hovudprioritet for resten av partsmøtet er status for nasjonal gjennomføring av konvensjonens strategiske plan med dei 20 måla for biologisk mangfald, deriblant langsiktig bevaring av natur. 

skog i Kile naturreservat
Rik blandingsskog, Kile naturreservat. Nedst i bildet er liggjande daud ved, eit viktig livsmiljø for mange truga arter. Foto: B. Oddane

Høge verneverdiar

Dei nye områda som regjeringa nå har verna, er veldig varierte. Her fins mellom anna større samanhengande gamalskogsområde opp mot fjellet (Fjellstulfjellet) , gamal lågtliggjande granskog (Solfrittkroken), kystfuruskog (Grytelva), kystgranskog (Seterelva), bratte, lange bekkekløfter (Tokkeåi og Korpreiret), ein av dei største elvekløftene i landet (Gråura), våtmarker med myr- og sumpskog (Nygårdsmyra) og svært rik blandingsskog (Kile). Mange av områda er relativt små, men har likevel høg verneverdi fordi dei omfattar sjeldne og trua naturtypar med eit rikt biologisk mangfald eller er leveområde for trua arter. Nokre av områda har i tillegg særskilt naturvitskapleg verdi. 

Her er kongelig resolusjon
Her er forskrifter
Meir informasjon om verneområda og oversiktskart ligg på Miljødirektoratets nettsider.

 

  1. Vikalian naturreservat i Rissa og Leksvik kommuner, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylker
  2. Gråura naturreservat i Oppdal kommune, Sør-Trøndelag fylke
  3. Gullaugtjønnberga naturreservat i Midtre Gauldal kommune, Sør-Trøndelag fylke
  4. Utviding av Grytelva naturreservat i Hitra kommune, Sør-Trøndelag fylke
  5. Utviding av Seterelva naturreservat i Osen kommune, Sør-Trøndelag fylke
  6. Utviding av Prestaksla naturreservat i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke
  7. Gammeldalsberget naturreservat, Tynset kommune, Hedmark fylke
  8. Solfrittkroken naturreservat i Stor-Elvdal kommune, Hedmark fylke
  9. Utviding av Nygårdsmyra naturreservat i Sør-Odal og Eidskog kommuner, Hedmark fylke
  10. Lindberget naturreservat i Åsnes kommune, Hedmark fylke
  11. Skasberget naturreservat i Grue kommune, Hedmark fylke
  12. Korpreiret naturreservat i Elverum kommune, Hedmark fylke
  13. Linehøgda naturreservat i Marker kommune, Østfold fylke
  14. Utviding av Sæteråsen og Tømmeråsen naturreservat i Hof og Holmestrand kommuner, Vestfold fylke
  15. Presttjennmarka naturreservat i Sigdal kommune, Buskerud fylke
  16. Fjellstulfjellet naturreservat i Notodden og Kongsberg kommuner, Telemark og Buskerud fylker
  17. Utviding av Gjuvet naturreservat i Tinn kommune, Telemark fylke
  18. Gygrestolen naturreservat i Bø kommune, Telemark fylke
  19. Langedalsfjellet naturreservat i Bø kommune, Telemark fylke
  20. Utviding av Hæstad naturreservat, Fyresdal kommune, Telemark fylke
  21. Utviding av Tokkeåi naturreservat, Tokke og Vinje kommuner, Telemark fylke
  22. Lauvåsen naturreservat, Drangedal kommune, Telemark fylke
  23. Utviding av Navassfjell naturreservat i Gjerstad kommune, Aust-Agder fylke
  24. Storåna naturreservat i Åmli kommune, Aust-Agder fylke
  25. Kjesfjell og Gaupenapen naturreservat i Åmli kommune, Aust-Agder fylke
  26. Tveiteråsen naturreservat i Froland kommune, Aust-Agder fylke
  27. Tårendalen naturreservat i Froland kommune, Aust-Agder fylke
  28. Lemfjellheia naturreservat i Froland kommune, Aust-Agder fylke
  29. Utviding naturreservat av Kile naturreservat i Vennesla kommune, Vest-Agder fylke
  30. Kyrkjevatna naturreservat i Flekkefjord og Kvinesdal kommuner, Vest-Agder fylke
  31. Nautarheia naturreservat i Marnardal kommune, Vest-Agder fylke
  32. Utviding av Nedre Timenes naturreservat i Kristiansand kommune, Vest-Agder fylke
  33. Utviding av Hålandsdalen naturreservat i Suldal kommune, Rogaland fylke