Vernar 36 viktige skogområde
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 01.12.2017
Regjeringa har i dag verna 36 skogområde i ni fylke. Områda er viktige for naturmangfald og er leveområde for eit stort tal trua artar. Områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog, unntatt eit område som er eigd av Statskog.
– Ein stor del av det trua naturmangfaldet i Noreg finst i skog. Difor er skogvern eit nødvendig og effektivt tiltak for å sikre norsk naturmangfald. Eg er glad for at vi no får på plass desse viktige verneområda, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.
Stor interesse for frivillig skogvern
Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003. I denne siste runden blir 74 kvadratkilometer verna, der åtti prosent er produktiv skog. Til no er om lag 390 skogområde blitt verna sidan ordninga tok til. Interessa for frivillig skogvern er stor, og mange område er i prosess med sikte på ytterlegare skogvern dei komande åra.
– Eg vil takke dei mange skogeigarane som tilbyr frivillig vern. Det gode samarbeidet mellom miljøstyresmaktene og skogeigarane har gitt auka skogvern, respekt for privat eigedomsrett og mindre konflikter, seier klima- og miljøministeren.
Stortinget vedtok i 2016 eit mål om vern av 10 prosent av skogarealet. Dagens vernevedtak er eit steg mot dette målet. Til no er 3,1 prosent av den produktive skogen i landet blitt verna, og noko over fire prosent av det samla skogarealet.
Variert skognatur blir verna
Skogvernet bidreg til eit representativt vern av skog, som betyr at ein sikrar eit representativt utval naturtypar i norsk skognatur. Norge har stor variasjon av skogtypar, også skogtypar som er sjeldne i internasjonal samanheng. Nær halvparten av dei trua og nær trua artane i Norge lever i skog, og skogvern er eit viktig tiltak for desse artane.
Blant skogområda som no blir verna er rike edellauvskogar, grovvaksen eikeskog og gammal furuskog i Agderfylka og i Telemark, samt verdfull gammal lauv- og barskog på Vestlandet.
- Sørlandets største og mest velutvikla lindeskog blir verna i Linddalsfjellet og Sydalen naturreservat i Evje og Hornnes kommune.
- I Telemark blir no – ved utvidingar av tidlegare verneområde – dei to store og svært varierte naturreservata Lone og Solhomfjell og Kvenntjønnane verna. Desse er kjenneteikna av gammal gran- og furuskog og med innslag av rik edellauvskog og storvaksen eik.
- Verdfull gammal lauvskog og barskog blir verna i bratte fjordlier i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane. Stordalen naturreservat i kommunane Gloppen og Stryn har urskogprega fjellskog, høgproduktiv låglandsfuruskog og ein samanhengande gradient frå fjord til fjell. Her var det på 1990-talet konflikt med skogeigarar om vern, men nå er det semje om frivillig vern av eit svært viktig skogområde.
Nasjonale og internasjonale mål
I tillegg til å bidra til målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket bidra til å oppnå følgande nasjonale mål for naturmangfald:
- Eit representativt utval av norsk natur skal bli bevart for komande generasjonar.
- Ingen artar og naturtypar skal bli utrydda, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal bedrast.
Vernevedtaket vil også bidra til oppfylling av internasjonale mål, mellom anna målet i FN-konvensjonen om vern og bevaring av område som er viktige for biologisk mangfald.
Dei 36 områda som er verna:
- Linddalsfjellet og Sydalen naturreservat (utviding), Evje og Hornnes kommunar, Aust-Agder
- Torehei naturreservat (utviding), Lillesand kommune, Aust-Agder
- Styggetjønnåsen naturreservat, Froland kommune, Aust-Agder
- Haresteinheia naturreservat, Froland kommune, Aust-Agder
- Romeheia naturreservat, Froland kommune, Aust-Agder
- Bjoruvstøl naturreservat, Bygland kommune, Aust-Agder
- Kvåsfossen naturreservat, Lyngdal kommune, Vest-Agder
- Lone naturreservat (utviding), Drangedal kommune, Telemark
- Asgjerdstigfjell naturreservat (utviding), Drangedal kommune, Telemark
- Malfjell naturreservat, Drangedal kommune, Telemark
- Sandvikheia naturreservat, Drangedal kommune, Telemark
- Vedfallnosa naturreservat, Drangedal kommune, Telemark
- Holtsåsen naturreservat, Porsgrunn kommune, Telemark
- Høgvollane naturreservat, Skien kommune, Telemark
- Fisketjønnjuvet naturreservat, Kviteseid kommune, Telemark
- Nedre Rønningkåsene naturreservat, Nome kommune, Telemark
- Nordre Lia naturreservat, Fyresdal kommune, Telemark
- Solhomfjell og Kvenntjønnane naturreservat (utviding) Nissedal og Gjerstad kommuner, Telemark og Aust-Agder
- Femdal naturreservat, Fredrikstad kommune, Østfold
- Gansrød naturreservat, Fredrikstad kommune, Østfold
- Halasbukjølen naturreservat, Åmot kommune, Hedmark
- Valsjøberget og Andråsberget naturreservat (utviding), Rendalen kommune, Hedmark
- Verdensløpet naturreservat, Våler kommune, Hedmark
- Stordalen naturreservat, Gloppen og Stryn kommunar, Sogn og Fjordane
- Ytamo naturreservat (utviding) Luster kommune, Sogn og Fjordane
- Hisdalen naturreservat (utviding), Sunndal og Tingvoll kommuner, Møre og Romsdal
- Durmålhaugen naturreservat, Tingvoll kommune, Møre og Romsdal
- Åfarhaugen naturreservat , Sunndal kommune, Møre og Romsdal
- Storvika naturreservat, Selbu kommune, Sør-Trøndelag
- Drøydalen naturreservat, Holtålen kommune, Sør-Trøndelag
- Rabbolen naturreservat, Orkdal kommune, Sør-Trøndelag
- Almlia naturreservat, Orkdal kommune, Sør-Trøndelag
- Murudalen naturreservat (utviding), Bjugn kommune, Sør-Trøndelag
- Mølmannsdalen naturreservat, (utviding), Røros kommune, Sør-Trøndelag
- Gråura naturreservat (utviding), Oppdal kommune, Sør-Trøndelag
- Blåberget naturreservat/Geavstoaivvi luonddumeahcci, Bardu kommune, Troms
Område nr. 34 ligg på Statskog SF sin grunn, medan dei øvrige områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog.