Vidarefører mellombels lov om rekonstruksjon
Nyheit | Dato: 28.03.2025 | Justis- og beredskapsdepartementet
Regjeringa legg i dag fram ein lovproposisjon med forslag om å vidareføre den mellombelse lova om rekonstruksjon fram til 1. juli 2026. Samstundes jobbast det med forslag til permanente reglar om rekonstruksjon.
I byrjinga av koronapandemien vedtok Stortinget ei mellombels lov om rekonstruksjon for å hjelpe levedyktige verksemder som vart råka av akutt svikt i inntektene. Målet med å vidareføre den mellombelse lova er å sørge for at verktøya i lova er tilgjengelege fram til permanente lovreglar om rekonstruksjon er på plass. Lova gir ei rettsleg ramme for forhandlingar med kreditorane med sikte på ei frivillig eller tvungen ordning av gjelda og erstattar reglane om gjeldsforhandling i konkursloven. Den inneheld ei rekke verktøy som kan bidra til å redusere risikoen for unødige konkursar i levedyktige verksemder.
Justis- og beredskapsdepartementet sende 13. januar 2023 på høyring forslag til nye reglar om rekonstruksjon i konkursloven, som skal erstatte reglane om gjeldsforhandling i konkurslovens første del og reglane i den mellombelse lova om rekonstruksjon. På bakgrunn av innspel i høyringa sende departementet også enkelte endringsforslag på høyring 20. mars 2024. Dette har ført til at arbeidet med nye rekonstruksjonsreglar har tatt noko meir tid enn det låg an til da lova vart forlenga i 2023, og regjeringa foreslår derfor no å vidareføre den mellombelse lova fram til 1. juli 2026.
Forskrifter til den mellombelse lova vil bli vidareført i same tidsrom som lova gjeld.
Prop. 68 L (2024–2025) - Endringar i rekonstruksjonslova (forlenging av tida lova skal gjelde)