Statsbudsjettet 2025
Vidarefører storsatsing for at fleire skal fullføre vidaregåande
Nyheit | Dato: 07.10.2024 | Kunnskapsdepartementet
Frå i haust er rettane til vidaregåande opplæring blitt utvida. I statsbudsjettet for 2025 vil regjeringa bruke store summar for at fleire ungdommar og vaksne skal fullføre vidaregåande opplæring og få moglegheit til å delta i arbeidslivet.
– Aldri før har så mange fullført og bestått vidaregåande opplæring. Likevel må vi halde fram innsatsen for at fleire skal fullføre og slik kvalifisere seg til arbeid og vidare utdanning, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
I budsjettet for 2025 foreslår regjeringa nær 1 milliard kroner til arbeidet for at fleire skal fullføre vidaregåande. I tillegg fekk fylkeskommunane i fjor ein varig kompensasjon for fleire lovendringar som kom med ny opplæringslov. Mellom anna 189 millionar kroner til yrkesfagleg rekvalifisering.
Rett til opplæring til du har fullført
Frå i haust har alle, både ungdom og vaksne, rett til opplæring til dei har fullført vidaregåande, enten med studiekompetanse eller med eit fagbrev. I tillegg har alle rett til å ta eit nytt fagbrev, sjølv om du har eitt fagbrev frå før, eller du har fullført med studiekompetanse.
- I budsjettet for 2025 foreslår regjeringa 320 millionar kroner for å vidareføre tilskotet for at fylkeskommunane skal finansiere fullføringsretten.
– Vi veit at ein læreplass er avgjerande for at fleire fullfører med eit fagbrev. Derfor vil vi òg halde fram innsatsen for at fleire skal bli kvalifiserte til ein læreplass, og til arbeidet med å få fleire læreplassar, seier Nordtun.
Noreg vil kunne mangle så mange som 90 000 fagarbeidarar innan 2035, ifølge framskrivingar frå SSB. I 2023 var det i underkant av 6 000 søkarar som ikkje fekk læreplass.
- I budsjettet for 2025 foreslår regjeringa å vidareføre tilskotet for å styrke arbeidet med å både kvalifisere elevar til læreplass, formidle læreplassar og skaffe fleire læreplassar. I budsjettet for 2025 er det sett av 479 millionar kroner til dette.
- Regjeringa foreslår også 10 millionar kroner i 2025 til etableringa av det nasjonale yrkesfagsenteret, som skal ligge i Molde. I etableringsåret vil 5 millionar kroner gå til å etablere drift, og 5 millionar kroner vil gå til å setje i gang forskings- og utviklingsprosjekt.
Fleire vaksne får høve til å fullføre
Regjeringa vil at fleire vaksne skal fullføre vidaregåande og bli ein del av arbeidslivet. Det gjeld både dei som kom til Noreg frå eit anna land som vaksen og har gått lite på skule, og dei som av ulike grunnar har falle ut av, eller avslutta, vidaregåande tidlegare.
– Vaksne har andre liv og forpliktingar enn ungdommar, og dei har kompetanse og erfaringar som opplæringa må bygge vidare på. Det må vi ta omsyn til og legge til rette for, seier Nordtun.
Saman med nye rettar i opplæringslova kan vaksne frå i haust få opplæring i mindre modular, både mot eit fagbrev og på nivået under vidaregåande. Det skal gjere det enklare både å våge å starte på, eller kome tilbake til, opplæring. Og gjere det enklare å fullføre.
– Det er viktig at ein kan få ta fagbrev sjølv om ein er vaksen og til dømes har omsorgsoppgåver. Då må opplæringa vere fleksibel og ta omsyn til livssituasjonen og kompetansen til dei vaksne, seier Nordtun.
- I budsjettet for 2025 foreslår regjeringa 15 millionar kroner for å prøve ut eit tilskot til bedrifter som tek inn vaksne i eit opplæringsløp i ein periode før lærekontrakt blir teikna. Målet med «Læreplass-sjansen» er at fleire vaksne skal få fagbrev.
- Regjeringa foreslår òg å vidareføre tiltak som bidreg til at vaksne som manglar formell kompetanse, kan ta eit fagbrev medan dei er i jobb. Tilskotet til «Fagbrev på jobb»-ordninga blir vidareført med 83,2 millionar kroner i budsjettforslaget for 2025.
Har satsa på utstyrsstipend og bortebuarstipend
Totalt i regjeringsperioden har regjeringa styrkt bortebuarstipendet med 215 millionar kroner som svarer nesten til 2 000 kroner meir i månaden til kvar elev og lærling som bur borte. Utstyrsstipendet har totalt auka med om lag 90 millionar kroner, med størst auke til dei dyraste yrkesfaga.
I 2024 blei det også lagt inn ein varig auke i rammetilskotet til fylkeskommunane på 189 millionar kroner for å finansiere retten til yrkesfagleg rekvalifisering.
– Til saman utgjer tiltaka ei kraftfull satsing for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring. Det vil både kunne gi dei ein jobb og bidra til å dekke kompetansebehov i heile landet, seier Nordtun.