Viktig milepæl nådd i det tysk-norske ubåtprogrammet
Nyheit | Dato: 22.08.2024 | Forsvarsdepartementet
Ubåtprosjektet har nådd ein svært viktig milepæl. Prosjektet har ferdigstilt designfasen i bygginga av ubåtane, som kallast Critical Design Review (CDR). Noreg har så langt bestilt fire og Tyskland to ubåten 212CD.
– Dette markerer eit viktig skritt framover i det tysk-norske samarbeidet som bidreg til å sikra forsvarsevna i framtida for begge nasjonar, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Milepælen for designfasen vart nådd i sommar, heilt i samsvar med den oppsette planen som den tysk-norske felles prosjektorganisasjonen (JPO) og leverandøren thyssenkrupp Marine Systems (tkMS) har sett opp.
Designprosessen har gått føre seg i nesten tre år sidan kontraktsigneringen sommaren 2021. I løpet av denne perioden har JPO nøye gjennomgått over 100 000 sider med dokumentasjon for å sikra at designa oppfylt dei nesten 6000 krava i kontrakten.
Designarbeidet utgjer i underkant av ein firedel av dei totale kostnadene, for dei seks ubåtane, som blir delte mellom Noreg og Tyskland.
Dette resultatet er oppnådd gjennom et tett samarbeid mellom dei to prosjektorganisasjonane Forsvarsmateriell og BAAINBw i Tyskland.
Med designfasen no fullført etter planen, vil fellesprosjektet fokusera fullt ut på byggjeoppfølginga av ubåtane. Den første ubåten vil starta testing i 2027 og etter planen blir levert til det norske Sjøforsvaret i 2029. Noreg og Tyskland er òg i forhandlingar med leverandøren om å auka talet 212 CD-ubåtar for begge land.