Viktige endringar i barnevernslova på plass
Nyheit | Dato: 17.06.2022 | Barne- og familiedepartementet
Frå 1. juli er det eit utvida krav om politiattest for dei som blir tilsett i Barne-, ungdoms og familieetaten (Bufetat), og som i sitt arbeid har direkte kontakt med barn.
– Krav om politiattest er eit viktig verkemiddel for å førebyggje overgrep mot barn og for å bidra til å auke tilliten til at mindreårige tas hand om av skikka personar. Bufetat har i dag heimel til å krevje politiattest av personar som skal gjere oppgåver i Bufetats institusjonar. Men Bufetat har også fleire andre tilsette som i sitt arbeid har direkte kontakt med barn, for eksempel samtaler med barn i samband med bistandsplikta. At det no blir eit krav om at også andre tilsette skal leggje fram politiattest, styrkjer vernet til barna, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Dei nye persongruppene som dette vil gjelde vil blant anna vere:
- dei som har ansvar for å ivareta barn sin rett til medverknad i forbindelse med bistandsplikta,
- dei som jobbar med oppfølging av statlege fosterheimar eller andre spesialiserte fosterheimar som Bufetat tilbyr, samt
- familierådkoordinatorar som Bufetat tilbyr kommunen.
Lovforslaget blei fremma for Stortinget 8. april i år, og blei handsama siste gong 3. juni. I lovproposisjonen blei det òg fremma fleire forslag til endringar som tek til å gjelde framover:
Endrar omgrepet «atferdsinstitusjon» i den nye barnevernslova
- Eg er svært opptatt av kva omgrep vi brukar i barnevernet. Barn og foreldre må kunne kjenne seg igjen i orda vi brukar, og einskilde omgrep vi brukar i dag er uheldige. Vi tar nå ut omgrepet «atferdsinstitusjon» av ny barnevernslov. Dette er ein viktig start på arbeidet med å finne alternativ til omgrepet åtferd i barnevernslova, seier barne- og familieministeren.
Omgrepet «atferdsinstitusjon» er erstatta med omgrepa «barnevernsinstitusjon» eller «institusjon». Bufdir har fått i oppdrag å arbeide vidare med å finne alternativ til omgrepa «atferd» og «alvorlige atferdsvansker» i lova.
Endringar i barnevernstenesta si moglegheit til å bruke fosterheim frå private tenesteytarar
Endringa inneber at barnevernstenesta ikkje kan plassere barn i ordinære fosterheimar som har inngått avtale om godtgjering for, og innhaldet i, fosterheimssoppdraget med ein privat tenesteytar. Private tenesteytarar vil framleis kunne levere tenester som hjelpetiltak, avlastningstiltak, oppfølging og rettleiing i fosterheim.
– Når fosterheimane har ei eiga avtale med privat tenesteytar gir det ein auka risiko for at barnets beste ikkje blir varetatt fordi barnevernstenesta si oppfølging av barnet blir vanskelegare. Viktig informasjon vert filtrert gjennom den private tenesteytaren før barnevernstenesta får innsikt i situasjonen til barnet. Eg meiner det er avgjerande at barnevernstenesta er i posisjon til å oppfylle sitt lovpålagte omsorgs- og oppfølgingsansvar, seier barne og familieministeren.
Endringa skal bidra til å gi barnevernstenesta auka grad av kontroll med korleis det går med barn i fosterheim, innhaldet i fosterheimstiltaket og kostnadane. For å gi tid til omstilling, vil endringa ikkje tre i kraft før tidlegast 1. juli 2023.