Vil beskytte barn mot uønskt reklame i sosiale medium og spel

Regjeringa foreslår endringar i marknadsføringslova for å styrke barns digitale forbrukarvern. Forslaget inneber at marknadsføring som det er grunn til å forvente at barn kan sjå eller høyre i sosiale medium og spel ikkje må innehalde omtale av eller tilvisingar til produkt eller tenester som er ueigna for barn.

– Vi vil verne alle barn under 18 år mot den massive og problematiske marknadsføringa dei vert eksponert for. Vi foreslår no tydelege innstrammingar i regelverket. Alle som driv med marknadsføring må tenke seg om to gongar før dei marknadsfører noko som ikkje egnar seg for barn i digitale kanalar der barn oppheld seg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Forslaget som no blir sendt på høyring, er eit forbod mot at marknadsføring eksponerer produkt og tenester som er ueigna for barn i sosiale medium og spel, viss det er grunn til å venta at barn kan sjå marknadsføringa.

Til dømes legg forslaget opp til at dei som marknadsfører kosmetiske inngrep no må innføre tiltak for at barn ikkje vert eksponert for reklamen.

Det blir òg foreslått at Forbrukartilsynet skal kunne nytte meir avskrekkande økonomiske sanksjonar ved brot på marknadsføringslova. Regjeringa foreslår heimel til å nytte lovbrotsgebyr ved brot på både dei eksisterande reglane om vern av barn, og den nye som blir sendt på høyring no.

– Dei som driv marknadsføring som barn blir eksponert for har eit enormt ansvar. Vi veit at barn blir utsett for sterkt kommersielt press, særleg i sosiale medium. Det er på høg tid å stramme inn, og at dei som bryt regelverket veit at det kan gi tydelege sanksjonar, seier Toppe.

Meir om lovforslaget:

Forslaget gjeld ytingar som er ueigna for barn. Kva som er «ueigna» er det lagt opp til at Forbrukartilsynet skal vurdere konkret, og rettleie næringsdrivande om. Vurderingstema som blir foreslått er mellom anna:

  • Om ytinga er helseskadeleg, mentalt skadeleg, eller kan utgjere ein sikkerheitsrisiko for barn.
  • Om ytinga lovleg kan seljast til barn, eller om produktet blir frarådd til barn.

Forbrukartilsynet, Helsetilsynet og Direktoratet for medisinske produkt har tidlegare avdekt mykje problematisk og ulovleg marknadsføring av kosmetiske inngrep. Dette er døme på marknadsføring som forslaget skal gjere det enklare å sette ein stoppar for.

Produkta kan framleis bli marknadsført til vaksne, i tråd med gjeldande regelverk. Det nye er at annonsørar og dei som utformar reklame må ta grep for å sikre at barn ikkje blir eksponert for marknadsføringa i sosiale medium eller spel. I høyringa ber ein om innspel til mellom anna presiseringar og utdjupingar av denne plikta.

Forslaget er del av oppfølginga av ein heilskapleg gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium. Barne- og familiedepartementet har òg gitt innspel til evaluering av det europeiske forbrukarvernregelverket. Manipulerande design, lootboksar og virtuell valuta i spel er blant emna som vart tatt opp. Noreg vil ta ei aktiv rolle i å påverke internasjonal politikk- og regelverksutvikling for å styrkje forbrukarvernet til barn.  

Les høyringa.