Vil endre prisopplysningsforskrifta for å redusere matsvinn

I ei høyring føreslår regjeringa unntak for 30 dagars førpris-kravet ved salsmarknadsføring av varer med kort haldbarheit. Føremålet er å gjere det enklare å marknadsføre dagleg nedprising av slike varer for å unngå matsvinn.

– Vi føreslår at ved salsmarknadsføring av varer med kort haldbarheit, skal førprisen vere den prisen som blei nytta umiddelbart før prisreduksjonen. Dette unntaket vil gjelde for varer som kan bli dårlege eller gå ut på dato raskt, slik som til dømes ferskt brød på slutten av dagen. Hensikta med forslaget er å bidra til å redusere matsvinnet, seier barne- og familiminister Kjersti Toppe (Sp).

I oktober 2023 fekk vi ein ny regel om salsmarknadsføring i prisopplysningsforskrifta § 9a. Regelen seier at der prisen på varer marknadsførast som nedsatt, skal det bli gitt informasjon om førpris på vara.

Førprisen er den lågaste prisen den næringsdrivande har nytta i minimum 30 dagar før marknadsføringa starta. Regelen kom inn som ledd i gjennomføringa av EUs moderniseringsdirektiv.

EU-direktivet gir likevel høve til å gjere unntak for varer med kort haldbarheit, og det er eit slik unntak regjeringa no føreslår. Kravet om 30 dagars-førpris gjer det nemleg vanskeleg å marknadsføre jevnlege/daglege prisnedsettingar for varer som kan bli dårlege eller gå ut på dato raskt, til dømes brødvarer med 50 prosent rabatt på slutten av dagen.

Både Forbrukartilsynet og NHO/Virke ønskjer eit unnatak, og forslaget blir sendt på høyring med frist til 18. september 2024.

Les høyringa