Vil etablere undersøkingsordning for å førebyggje svikt mot barn

Regjeringa vil no etablere ei undersøkingsordning for saker som gjeld vald, overgrep eller grov omsorgssvikt mot barn. Målet er at alvorlege saker som dette skal følgjast opp meir systematisk, for å førebyggje at liknande hendingar skjer igjen.

– I dag manglar vi eit godt system for gransking av alvorlege hendingar som skjer barn. Eit system for å lære av feil og sikre at alvorleg svikt blir retta opp. Målet med undersøkingsordninga er å avdekkje systemsvikt og bidra til at avdekte feil fører til læring i tenestene, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Undersøkingsordninga skal leggjast til Statens Helsetilsyn. Det inneber ei utviding av Helsetilsynet sine oppgåver, metodar og virkeområde for alvorlege hendingar som gjeld barn.  

– Helsetilsynet har unik kompetanse om både tenestetilbodet i kommunane, statlege tenester og tilsyn. Dei har òg erfaring med å gjennomgå alvorlege hendingar frå både helse- og omsorgstenesta og frå barnevernet. Det å leggje ordninga til Helsetilsynet vil vere eit godt utgangspunkt for læring i tenestene, førebygging av svikt og styrkt rettstryggleik for barn og unge, seier Toppe.

Skal kunne undersøkje arbeidet til fleire sektorar 

Undersøkingsordninga vil kunne omfatte alle offentlege tenester på ulike forvaltningsnivå, og private aktørar som utfører oppgåver på vegner av det offentlege. Dette kan vere tenester frå spesialisthelsetenesta, kommunale tenester som helse, utdanning, sosiale tenester frå NAV, kommunalt- og statleg barnevern og politi – og justissektoren.

– Dei siste åra har vi sett fleire alvorlege saker som gjeld barn og unge, særleg på barnevernsområdet. Eg er oppteken av at vi i desse sakene må få oversikt over kva som har skjedd og korleis det kunne skje, og at vi må lære av dei for å førebyggje at liknande hendingar skjer igjen. Da må vi sikre at sakene blir vurdert i samanheng og på tvers av tenesteområde. Det skal undersøkingsordinga som vi no vil etablere bidra til, seier Toppe. 

Undersøkingsordninga er ein del av regjeringa sin opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar som Stortinget vedtok i mai i år. 

Barne- og familiedepartementet greier no ut nærmare, i samarbeid med aktuelle departement, korleis rammene for ei ordning skal lovregulerast. Det vil bli sendt ut eit høyringsnotat om undersøkingsordninga hausten 2024.

Innføring av varslingsplikt til statsforvaltar på høyring

Etablering av ei undersøkingsordning må òg sjåast i samanheng med regjeringa sitt forslag om å innføre ei varslingsplikt til statsforvaltar om svært alvorlege hendingar og dødsfall når barn har tiltak utanfor heimen. Forslaget er del av eit høyringsnotat om forslag til endringar i barnevernslova, som vart sendt på høyring tidlegare i vår.

– Ei slik plikt vil bidra til at tilsynsmaktene blir informerte ved dødsfall og svært alvorlege hendingar, og at dette skjer på ein systematisk måte. Målet er å bidra til tydelegare rammer for innsending, mottak og oppfølging av slik informasjon. Saman med undersøkingsordninga meiner eg at dette er viktige grep for å sikre at vi lærer av enkelthendingar og svikt, både i barnevernet og i andre tenester for barn. Det er på høg tid at ei slik varslingsplikt blir innført, seier Toppe.

I tillegg har også Helsetilsynet fått i oppdrag å jamleg samanfatte og analysere funn frå gjennomførte tilsynsaktiviteter i barnevernet, og å systematisere informasjon frå statsforvaltarane sitt tilsyn med barnevernsinstitusjonar.