Vil gi ekstra pengar til organisasjonar før jul

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa føreslår å auke tilskotet til ideelle organisasjonar med ni millionar kroner og tilskotet til organisasjonar innan trus- og livssynsfeltet med åtte millionar kroner. Pengane skal gå til mat, støtte og aktivitetstilbod til menneske som treng hjelp for å kome seg gjennom juletida. Regjeringa føreslår òg to millionar kroner til å styrke trus- og livssynsdialogen.

– Auka prisar påverkar kvardagen til dei som allereie har minst. Når vi no går juletida i møte veit vi at det er mange som gruer seg, og som synest julehøgtida er vanskeleg. Vi er bekymra for korleis dei auka prisane påverkar kvardagen til dei som allereie har minst, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Hjelp til sårbare grupper

I sitt forslag til saldert budsjett ønskjer regjeringa difor å løyve ni millionar kroner til Frelsesarmeen, Blå Kors, Røde Kors og Kirkens bymisjon, og åtte millionar kroner til Den norske Kyrkja og paraplyorganisasjonar på tros- og livssynsfeltet – totalt 17 millionar kroner. Midlane skal nyttast til sosiale aktivitetar, alternative julefeiringar og julehjelp i form av mat og gåver til sårbare grupper.

– Med desse pengane kan organisasjonane nå ut til fleire og auka kvaliteten på den hjelpa som blir gitt. Dette er eit av fleire grep regjeringa no gjer for å hjelpa dei i samfunnet som er i ein vanskeleg situasjon, særleg barnefamiliar og barn og unge, seier Toppe.

Vil styrke trus- og livssynsdialogen

Regjeringa føreslår òg å gi to millionar kroner i ekstra midlar til Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL). Pengane skal bidra til å styrke STL sitt dialogarbeid og høve til å fungera som brubyggjar mellom ulike trus- og livssynssamfunn.

– Regjeringa er oppteken av korleis krigen mellom Israel og Hamas på Gaza verkar inn i vårt eige samfunn. Konflikten gjeld mange, særleg muslimske miljø og den jødiske minoriteten her i Noreg. Det er no viktig å styrke dialogen. Trus- og livssynsdialogen i Noreg viser at det er mogleg å skapa fellesskap på tvers av tru og livssyn, der dialogen er med på å gje  respekt for og kunnskap om trua og livssynet til kvarandre. Vi må unngå at situasjonen i Israel og Palestina øydelegg for dette, seier Toppe.