Vil gi statssekretærar og politiske rådjevarar plikt til å registrere verv og økonomiske interesser

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet sender no på høyring forslag om ein heimel for å pålegge statssekretærar og politiske rådgjevarar å registrere verv og økonomiske interesser i eit register som er tilgjengeleg for ålmenta.

– Statssekratærar og politiske rådgjevarar har sentrale roller i avgjerder departementa gjer. Openheit er viktig for tilliten til politikarar og forvaltninga. Eg meiner difor vi skal vere opne om statssekratærar og politiske rådjevarar sine verv og økonomiske interesser, slik at ålmenta kan gjere seg kjent med kva for bindingar dei har og moglege interessekonfliktar, seier statsråd Sigbjørn Gjelsvik.

Stortingsmedlemmer og regjeringsmedlemmer har i dag plikt til å registrere verv og økonomiske interesser. Sidan januar i år har det òg vore heimel for å pålegge statstilsette registreringsplikt. At det ikkje i dag er ein heimel som gjer det mogleg å pålegge statssekretærar og politiske rådgjevarar registreringsplikt er uheldig, meiner statsråden.

Endringa er i tråd med det Europarådet sitt antikorrupsjonsorgan, Group of States Against Corruption (GRECO) har anbefalt til Noreg. I høyringsnotatet er det berre denne endringa som omtalast. Regjeringa arbeider vidare med dei andre anbefalingane frå GRECO og vil så raskt som mogleg kome tilbake til dette.