Revidert nasjonalbudsjett
Vil gje 75 millionar kroner for å motverka negative konsekvensar av pandemien for barn og unge
Pressemelding | Dato: 12.05.2022 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyva 75 millionar kroner til målretta tiltak i kommunane og fylkeskommunane for å gje barn og unge som har vore særleg hardt ramma av pandemien ekstra støtte og oppfølging.
Pengane skal særleg rettast mot område som over tid har hatt dei strengaste smitteverntiltaka. Midla kjem i tillegg til dei 216 millionane som i år vart løyvde til tiltak mot tapt fagleg, og sosial læring.
– Koronapandemien har ramma skeivt. I tråd med oppmodingane frå koronakommisjonen, meiner vi det er viktig at vi som samfunn tar grep overfor dei barna og elevane som har vore hardast ramma av pandemien. Desse midla skal bidra med ekstra ressursar i delar av landet som har hatt dei strengaste koronarestriksjonane, seier kunnskapsminister Tonje Brenna.
Ulike elevar treng ulike tiltak
Fleire rapportar har peika på at elevar opplever mangel på fagleg og sosialt fellesskap, mindre motivasjon og meistring - og meir einsemd og dårlegare psykisk helse.
– Desse funna tar eg på alvor. Pandemien har bidratt til å forsterke eksisterande forskjellar i skulen. Vi veit at mange sårbare barn og elevar som også tidlegare hadde utfordringar, har fått det enno vanskelegare, seier Brenna.
Kommunane som mottar ekstra ressursar vil ha lokalt handlingsrom når dei skal utforme tiltak.
– Eg meiner det er viktig at kommunane får eit stort handlingsrom til å bestemma kva tiltak det er behov for. Ulike elevar treng ulike tiltak og det er lærarar og elevar lokalt som veit kva det er behov for, seier Brenna.