Vil gjere det enklare å vere straumkunde
Nyheit | Dato: 08.04.2022 | Barne- og familiedepartementet, Energidepartementet
Straumleverandørane må gje kundane sine betre informasjon om avtalevilkår, og det må bli lettare å samanlike straumavtaler. No sender regjeringa ut forslag til forskriftsendringar på høyring. Endringane set nye krav til straumleverandørane.
– Som forbrukarminister arbeider eg for å sikre ein ryddig straummarknad med effektiv priskonkurranse som kjem forbrukarane til gode. Straum er noko alle må ha, og det er ikkje bra at mange føler seg lurte av straumleverandørane dei handlar med. Uføreseielege straumrekningar er vanskeleg for dei som har lite frå før og påverkar økonomien til mange familiar negativt, seier forbrukarminister Kjersti Toppe (Sp).
Det skal være enkelt for forbrukarane å orientere seg i sluttbrukermarknaden for straum. Forbrukarar må òg vere medvitne om dei avtalene dei inngår. Det finst fleire døme på at straumleverandørar lokkar med låge priser, for så å skru prisane opp etter ei stund.
Saman med Olje- og energidepartementet sender derfor Barne- og familiedepartementet no ut forskriftsendringar på høyring. Desse bygg på forslag frå Forbrukartilsynet og Reguleringsmynde for energi (RME). Formålet er å gjere det enklare å vere forbrukar, og dermed bidra til ein meir velfungerande sluttbrukarmarknad.
– Endringane skal mellom anna sikre forbrukarane betre informasjon når dei teiknar straumavtale og på faktura. Dei skal mellom anna gje forbrukarane betre tid til å områ seg når straumleverandørane gjer endringar i avtalen og gjere det enklare å samanlikne si eigen straumavtale med andre avtalar, seier Toppe.
I prisopplysningsforskrifta blir det foreslått ein ny regel om prisopplysingar i marknadsføring, slik at ulike straumavtaler lettare kan samanliknast. I tillegg vert det foreslått at straumleverandøren skal ha plikt til å offentleggjere prislister for alle dei ulike straumavtalane sine og å stramme inn krava knytt til varsling om endra avtalevilkår i straumavtalen.
– Det må bli enklare for kundane å orientere seg i sluttbrukermarknaden for straum. Dei grepa vi føreslår no skal legge til rette for dette. Dette er òg ein del av eit større arbeid som pågår, der målet er at denne marknaden skal fungere betre, til gode for forbrukarane, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).
I forskrift om kraftomsetning og nettenester blir det føreslått fleire informasjonskrav knytt til faktura. Fakturaen er ein viktig kommunikasjonskanal frå straumleverandøren til forbrukarane, og i praksis det einaste hjelpemiddelet forbrukaren har til å samanlikne betalingskravet med den straumavtalen dei har. Nye forskriftskrav skal sikre at straumavtalen til kunden blir meir etterprøvbar. Det vert òg foreslått å forskriftsfeste sluttbrukaren sin tilgang til måleverdiar og kundeopplysingar i Elhub. Målet er at forskriftsendringane kan tre i kraft 1. september 2022.
Frist for å svare på høyringa er 30. mai 2022.