Statsbudsjettet 2025:

Vil gjere det enklare for uføre å kome tilbake til jobb

– Eg vil ha fleire i jobb, og at det skal lønne seg å vere i arbeid. Derfor vil vi gjere unntaket med arbeidsforsøk meir fleksibelt. Uføre som allereie jobbar litt og vil prøve å jobbe meir, skal ikkje risikere krav om å betale tilbake trygd, og dermed ein økonomisk smell, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Fleire uføre har tidlegare opplevd å måtte betale tilbake trygd etter at dei har komme ut i jobb. Regelendringa som regjeringa foreslår vil sørgje for at det ikkje skjer. Løyvinga på 12,4 millionar kroner vil gå til å dekkje nødvendige endringar i NAV, og til noko høgare utgifter til uføretrygd.

Nødvendig oppmjuking av regelverket

– Arbeid er ofte bra for den einskilde, og samfunnet treng fleire i arbeid. Dette forslaget er eit tiltak for å hjelpe dei som står utanfor, og kan jobbe, tilbake i jobb, seier Brenna.

Portrett av Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna Foto: Astrid Waller

Regelendringa gjeld uføre som er i eit såkalla arbeidsforsøk og tener så mykje at dei står i fare for å måtte betale tilbake heile uføretrygda. I dag opnar reglane for eitt arbeidsforsøk. Regjeringa vil utvide moglegheita slik at uføre kan prøve seg i arbeid fleire gonger utan å betale tilbake trygd.

Fleire grenser for inntekt

Det er grenser for kva uføre kan tene før dei blir trekt i trygd. Tenar ein meir enn fribeløpet på 0,4 G blir uføretrygda redusert. Dei med gradert uføretrygd kan i tillegg ha deltidsjobb med eiga inntektsgrense. Det vil framleis lønne seg å jobbe, men ved eit punkt mistar ein uføretrygda fullstendig til fordel for lønn. Det er gruppa med høgast inntekt, over 80 prosent av det ein tente før uførleik, som no får utvida høve til å prøve seg i jobb.

Arbeidsforsøk og inntektsgrenser

  • Ein kan behalde ei redusert uføretrygd så lenge den årlege inntekta ikkje overstig 80 prosent av inntekt før uførleik. Tenar ein meir, må ein som hovudregel betale tilbake all uføretrygd ein har fått gjennom året.
  • Unntaket er arbeidsforsøk. Når inntektsauken kjem av eit arbeidsforsøk, skal ikkje uføretrygda krevjast tilbake.
  • Eit arbeidsforsøk er når ein ufør har auka inntekta si over 80 prosent-grensa som eit ledd i å vende tilbake til arbeidslivet. Dette gjeld uansett om forsøket fører fram eller ikkje. Inntektsaukar som ikkje har samanheng med tilbakevending til arbeidslivet, slik som sesongarbeid eller bonusutbetalingar, fell utanfor reglane om arbeidsforsøk.
  • Dagens regelverk skal stimulere uføre til å vende tilbake til arbeidslivet.
  • Regjeringa vil gjere det endå enklare å kombinere arbeid og uføretrygd, og foreslår derfor forenklingar og forbetringar i desse reglane.
  • For å unngå urimelege tilbakebetalingskrav, særleg for uføre som etter eit mislykka arbeidsforsøk ønskjer å prøve seg på ny, blir det foreslått at det ikkje skal vere avgrensingar i kor mange gonger ein kan få unntak frå tilbakekrevjing, så lenge det er snakk om arbeidsforsøk.
  • Uførepensjon frå dei offentlege tenestepensjonsordningane byggjer på regelverket til folketrygda, og forslaget gjeld derfor både for uføretrygd frå folketrygda og uførepensjon frå lovfesta offentlege tenestepensjonsordningar.