Vil ha auka openheit om politikarane sine verv og økonomiske interesser
Pressemelding | Dato: 03.11.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa foreslår endringar i lov om registrering av regjeringsmedlemmer sine verv og økonomiske interesser.
– At regjeringsmedlemmer, statssekretærar og politiske rådgjevarar no blir likestilt i lova er eit av fleire tiltak som styrkar det viktige arbeidet med å sikre openheit og tillit, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
– Statssekretærar og politiske rådgjevarar har viktige roller i departementa, og er med på når vi tar store avgjerder. Derfor er det viktig at offentlegheita kan sjå statssekretærar og politiske rådgjevarar i korta, og vite om potensielle interessekonfliktar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Statssekretærar og politiske rådgjevarar har ofte ei viktig rolle i prosessen med å ta avgjerder i departementa. Statssekretærar kan òg gis mynde til å treffe avgjerder innanfor eit departements konstitusjonelle ansvarsområde.
Medlem i regjeringa pliktar allereie i dag å registrere opplysningar om ulike verv og økonomiske interesser, til dømes fast eigedom, selskapsinteresser og styreverv i private eller offentlege selskap eller interesseorganisasjonar. Dei skal òg registrere om dei har permisjon frå ei stilling, eller andre avtalar med tidlegare eller framtidig arbeids- eller oppdragsgjevar. Opplysningane er opent tilgjengeleg for alle på Stortinget sine nettsider.
I samband med lovendringa er det naturleg at det kjem på plass eit nytt register. Kommunal- og distriktsdepartementet vil no starte arbeidet med å utvikle ei registerløysing, som skal bli tilgjengeleg for alle på ein tenleg måte.
Andre tiltak som skal sikre regjeringspolitikarane sin habilitet:
- juli: Finansdepartementet sender ut ein rutinemal for korleis departementa skal føre oversikt over kven som får innsideinformasjon i enkeltsaker og rettleiing i innsidereglane.
- august: SMK oppdaterer Håndbok for politisk ledelse, som gjeld alle regjeringspolitikarar. Retningslinjene for kjøp og sal av aksjar blir innskjerpa. Regjeringspolitikarar som har aksjar eller andre finansielle instrument må velje mellom sal, frys eller at ein uavhengig forvaltar tar hand om porteføljen. SMK skjerper inn plikta politikarane har til å skaffe seg kunnskap om ektefelle/sambuars eigarinteresser.
- september: SMK gjennomfører ekstra gjennomgang av habilitetsreglane for alle i politisk leiing i departementa.
- oktober: SMK fastsett felles føringar for opplæring av politisk leiing som tas i bruk ved tiltreding av dei nye statsrådane.
- oktober: SMK oppdaterer rutine for å vurdere habilitet i r-konferansar og i Kongen i statsråd, for å skape betre notoritet ved habilitetsspørsmål som oppstår for statsrådane som regjeringsmedlem.