Vil ha betre tilpassa krisesenter

Regjeringa føreslår mellom anna likeverdig butilbod for valdsutsette med rusmiddelutfordringar, forbod mot eigendel i tenesta og særskilde rettar til samar.

– Alle skal ha eit godt krisesentertilbod der dei bur. Regjeringa føreslår grep for å styrkje krisesentertilbodet slik at kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar får eit heilskapleg tilbod som er tilpassa behova og livssituasjonen deira, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Barne- og familiedepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i krisesenterlova. Krisesenterlova legg til kommunane å sørgje for eit krisesentertilbod for kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar.

Blant endringane departementet føreslår er:

  • Eit krav om at kommunen skal sørgje for likeverdige butilbod for dei som av ulike grunnar ikkje kan nytte butilbodet slik det er i dag. Det inneber at nokre grupper som i dag blir avviste frå krisesentera, vil få eit betre tilbod. Det gjeld til dømes valdsutsette med rusmiddelutfordringar eller psykiske lidingar.
  • Ei eiga føresegn om dei særskilde rettane til samar.
  • Ei ny føresegn om at det ikkje kan krevjast eigendel for nokon del av tenesta.
  • Ei tydeleggjering av at oppfølging i reetableringsfasen skal vere i samarbeid med andre deler av tenesteapparatet.

 Departementet ber òg om innspel frå høyringsinstansane om det skal opnast for felles krisesentertilbod til kvinner og menn.

Les heile høyringsdokumentet.

– Krisesentertilbodet i Noreg er godt, men det er avdekt enkelte svakheiter og departementet føreslår difor endringar i lova for å utbetre dette, seier Toppe.

Regjeringa har ein opptrappingsplan mot vald i næra relasjonar, og arbeidet med krisesenterlova inngår i denne planen.

Barne- og familiedepartementet jobbar vidare med å vurdere om det er ytterlegare spørsmål som bør greiast ut. Det kan vere aktuelt å høyre fleire forslag til endringar i krisesenterlova seinare.