Vil ha mål om å utrydde villsvinbestanden i Noreg

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) vil auke innsatsen mot villsvin med mål om å utrydde bestanden i Noreg.

Villsvin er ein stor trussel med tanke på introduksjon og spreiing av afrikansk svinepest. Mattilsynet og Miljødirektoratet utarbeidde i 2019 ein Handlingsplan mot villsvin der målet er at det skal vera minst mogleg villsvin i Noreg, spreidd over eit minst mogleg område.

– Eg har hatt møter med sentrale aktørar og det er ei felles forståing for alvoret i situasjonen og den risikoen villsvin inneber for dyrehelsa vår. Alle er samde om at villsvinbestanden i Noreg må ned. Det er sett i verk eit arbeid med å sjå på nye tiltak, men eg kan allereie no varsle at målet vil bli tydlegare og stramma inn. Målet må vera at vi skal utrydde villsvinbestanden i Noreg, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Landbruks- og matminister Geir Pollestad
Alle er samde om at villsvinbestanden i Noreg må ned, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad. Foto: Torbjørn Tandberg

Utbrot av afrikansk svinepest i Sverige

Svenske styresmakter melde 6. september 2023 om utbrot av afrikansk svinepest hos villsvin i Fagersta. Dette er den første gongen denne alvorlege svinesjukdommen er påvist i Norden. Eit stort område på om lag ein million dekar er bandlagt, og det er innført omfattande restriksjonar på ferdsel, jakt og drift i skogen. Kommersielle svinehald blir avliva som eit førebyggjande tiltak.

Villsvin.
Villsvin. Foto: Colourbox