Vil innfri lokalt ønske om forlenga bompengeperiode i Førdepakken

– Regjeringa la i dag fram eit forslag for Stortinget om å forlenge innkrevjinga av bompengar i Førdepakken med fem år. Med det seier vi ja til den forlenginga som det lokalt er ønske om, seier Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Førdepakken omfattar 18 ulike prosjekt i Sunnfjord kommune. Innkrevjinga av bompengar starta hausten 2016 og skulle etter planen avsluttast i 2028. 

Sju av prosjekta er pågåande eller står att. Kostnadsoverslaga viser at fleire vil mangle finansiering dersom ikkje bompengeperioden blir forlenga. Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune ønskjer derfor å forlenge bompengeinnkrevjinga med fem år til oktober 2033. Då vert det mogleg å finansiere alle dei 18 tiltaka i Førdepakken.

– Det er eit sterkt lokalpolitisk ønske om forlenging, og lokale styresmakter har køyrt ein ryddig prosess i saka og vist vilje til å gjere tiltak for å auke inntektene. Det er fatta lokale vedtak om å forlenge innkrevjinga samt lokalpolitiske vedtak med fornya garanti, dette er med i vurderinga når vi etterkjem ønsket om å forlenge bompengeperioden, seier samferdselsministeren.

Det reviderte finansieringsopplegget er rekna til å gje eit bompengebidrag på 615 millionar kroner i perioden 2028–2033 og 126 millionar kroner i mva-kompensasjon. Saman med midlane som står att frå tidlegare, gjev dette ei total ramme til vegprosjekt på 2 157 millionar kroner i perioden 2024–2033. Innkrevjinga skal førast vidare i dei fem bomstasjonane i Sunnfjord kommune.

Sjå også:

Prop. 33 S (2023–2024) Revidert finansieringsopplegg for Førdepakken i Vestland fylke

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.